Sparebanken Møre Sommarcamp 2023

Sparebanken Møre Sommarcamp 2023

Vi arrangerer gratis sommarcamp med kjekke opplevingar! Gratis for elevar i Ulstein frå 5.–10. trinn.

Båttur til Runde. Glade elevar i båten. - Klikk for stort bilete Arne Sivertstøl

Det vert også arrangert ungdomstur til Kjeldsund for elevar frå 7. trinn–18 år.

Påmeldinga opnar 24. mai klokka 16.00.

 

Årets Sommarcamp er sponsa av Sparebanken Møre, Gjensidigestiftelsen og Ulstein kommune.

 

Her kan du lese om dei ulike kurstilboda: 

Påmelding

Meld deg på her: http://tiny.cc/Sommarcamp2023  

  • Alle kursa er gratis og du kan velje fem aktivitetar. Påmeldinga opnar 24.05 klokka 16.00
  • Frist for påmelding er 01.06. Du får ikkje noko stadfesting for påmelding, men alle får tilbakemelding innan 10.juni om kva kurs dei har fått tildelt
  • Alle må ta med matpakke sjølve og ha med klede som er eigna for aktivitet
qr-kode for påmelding - Klikk for stort bilete

 

Magiske sekund på Borgarøya

Velkomen til fullspekka dagar der du får oppleve det beste av det meste. Du får oppleve noko vilt, vakkert og ekte. I løpet av veka vil du kunne få oppleve segling med jolle og storbåt, kano, SUP-brett og andre vassaktivitetar, mat på bål og mykje anna kjekt!
 

Kursleiar: Ulstein Seilforening 
Dato: 01.07–02.07(overnatting på Borgarøya) 
Kven kan søke: elevar frå 5.10. trinn 
Plassar: 30 

Open hall

Ung Arena byr på ulike ballaktivitetar, basseng, turnering, brettspel,  Mesternes Mester og e-sport/gaming. 
 

Kursleiar: Ung Arena Ulstein 
Dato: 26.06 og 04.07 
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Idrettshallen i Ulstein Arena 
Plassar: 50 per dag 

 

Be creative

Det vert cupcake-workshop med kakemeister Cecilie. Frosting, muffinspynt – resten er opp til deg sjølv. 


Kursleiar: Cecilie Dimmen 
Dato: 28.06 og 05.07 klokka 10.00–14.00 
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Skollebakken Aktivitetshus 
Plassar: 14 elevar per dag

Skaparsommar

Dette vert dagar med skaparglede der du skal få teste ut idear og lage ting. Du treng ingen forkunnskap. Vi vil nytte alt Skaparhuset har av teknologi og verktøy; 3D-design og 3D-printing, elektronikk og VR-briller, sløyd, redesign, lage klistermerke og anna forming i Protobua. Det vert mykje leik og læring. 
 

Kursleiar: Kjersti Kleven 
Datoar i veke 26: 27., 28. og 29. juni 
Datoar i veke 27: 4., 5. og 6. juli 
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Skaparhuset 
Plassar: 20 elevar per dag 

 

Gøy med Metizport

1v1-turnering i Fortnite, 1v1-turnering Rocket League, fri speling, rettleiing og samarbeid. 
 

Kursleiar: Steffen Anderson/Metizport 
Datoar i veke 26:  26., 27., 28. og 29. juni 

Datoar i veke 27:  3., 4., 5., og 6. juli 
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: gamingrommet på Ulstein Arena 
Plassar: åtte elevar per dag  

 

Matlagingsworkshop

Det vert vårullar-workshop med Cecilie.  

Kursleiar: Cecilie Dimmen 
Dato: 26.06 og 03.07 klokka 10.00–14.00 
Kven kan søke: elevar frå 5.–10. trinn 
Kursstad: Skollebakken Aktivitetshus 
Plassar: 14 elevar per dag 

 

Ungdomstur til Kjeldsund med Ung Arena

Sosial og morosam tur med to overnattingar. Du får moglegheit til å prøve ut mange aktivitetar på vatn og på land. 
 

Kursleiar: Vedrana Terzic 
Dato: 30.06–02.07 
Kven kan søke: elevar frå 7. trinn–18 år 
Kursstad: Kjeldsund ungdomssenter 
Plassar: 40 elevar 

 

Kino på Sjøborg

Du kan velje mellom «Spider-Man: Across the Spider-Verse» ( aldersgrense 9 år) og «Fast and Furious 10» (aldersgrense 12 år)

Dato: 30.06 klokka 15.00 Spider-Man

          08.07 klokka 15.00 Fast and Furious

Stad: Sjøborg kino
Plassar: 100 elevar per film