Slik stiller du liste til valet

11. september er det kommunestyre- og fylkestingsval i Noreg. Skal partiet ditt stille liste til valet, er det viktig å starte førebuingane no.

Fleire bunkar med røystesetlar sortert per parti, som ligg inne i ein røystebås. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. Kommunal- og distriktsdepartemetet, Tore Fjeld

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12 på føremiddagen. Vallova seier at lister som vert levert etter dette tidspunktet, ikkje vert godkjende.

Eit listeforslag er ei rangert oversikt over kandidatar som stiller til val for eit parti eller ei gruppe.

Denne rettleinga er ikkje uttømande. Ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål eller noko er uklart. Kontaktinformasjon finn du nedst i tabellen:

Kven kan stille liste?

Alle registrerte parti som fekk minst 500 stemmer i eitt fylke, eller 5 000 stemmer på landsbasis ved førre stortingsval, kan stille liste under forenkla reglar. Dei kan levere lister som er underskrivne av to styremedlemmer i lokalavdelinga. Oppdatert oversikt over parti som kan stille etter forenkla regelverk: Partier som kan stille etter forenklet regelverk i 2023 - Valgmedarbeiderportalen

Andre parti eller grupper må samle underskrifter for å få stille. Listeforslaget må ha så mange underskrifter at det utgjer 2 prosent av innbyggarane med stemmerett ved førre kommunestyreval.

I Ulstein var det 6 553 personar som hadde stemmerett ved førre kommunestyreval, i 2019.

Personar som skriv under på eit listeforslag ved kommunestyreval må ha stemmerett ved det aktuelle valet, i den kommunen listeforslaget gjeld for.

Ein person kan ikkje skrive under på fleire listeforslag ved samme val. 

Kven kan stå på liste?

Alle som har røysterett i kommunevalet, med nokre få unntak, kan stå på liste.

For å ha røysterett i Ulstein kommune må du

  • vere folkeregistrert i kommunen og
  • fylle 18 år i løpet av valåret 2023.

 

Utanlandske statsborgarar

Utanlandske statsborgarar må ha tre års butid i Noreg innan valdagen for å ha røysterett.

Statsborgarar frå dei nordiske landa treng ikkje å ha budd ei viss tid i Noreg. Dei har røysterett, og er dermed valbare, om dei er busett i Ulstein kommune den 30. juni i valåret.

 

Fritak frå val

Kandidatane som vert sett på ei liste vil få brev av valstyret der dei vert informert om kandidaturet, kva det inneber, og med ein frist for å eventuelt trekke kandidaturet.

Kandidatane treng ikkje å grunngi kvifor dei ikkje vil stå på liste.

 

Utelukka frå val

Følgande personar er utelukka frå val: kommunedirektør, kommunalsjefar og leiarar på tilsvarande nivå, sekretærar for kommunestyret, ansvarleg for rekneskapsfunksjonen og revisor for kommunen.

Korleis skal ei liste sjå ut?

Her har vi i korte trekk samla informasjonen du treng til å utforme ei liste. Fullstendig oversikt finn du her: Krav og frister - Valgdirektoratet

 

Overskrift

Lista skal ha ei overskrift som viser kva parti eller gruppe forslaget går ut frå. Namnet må ikkje kunne forvekslast med andre grupper eller parti. Registrerte parti må bruke sitt registrerte namn. Lista kan ikkje ha lokale nemningar som til dømes Ulstein [partinamn]. Det er valfritt om partiet/lista vil nytte namnet sitt på bokmål eller nynorsk.

 

Tal på kandidatar

For at ei liste skal kunne godkjennast må ho ha minimum sju kandidatar. Ei liste med færre enn sju kandidatar vil ikkje kunne godkjennast.

For lister som stiller til val i Ulstein kommune, er makstalet 31 (talet på kommunestyrerepresentantar pluss seks).

 

Røystetillegg

Eit parti/liste som stiller til val i Ulstein kommune, kan gi røystetillegg til inntil seks kandidatar. Desse kandidatane vil få eit stemmetillegg på 25 prosent meir enn dei andre på lista. Desse kandidatane skal stå først på lista og vere markert med store bokstavar/eventuelt feit skrift.

 

Namn på kandidatane

Kandidatane må førast opp med fornamn, etternamn og fødselsår. Dersom det er nødvendig for å skille kandidatane, skal også bustadadresse eller stilling førast opp. Dersom dette er naudsynt for minst éin av kandidatane, skal alle kandidatane få denne tilleggsinformasjonen.

 

Det folkeregistrerte etternamnet til kandidaten må nyttast, sjølv om kandidaten ikkje er kjend under dette. Det etternamnet kandidaten er mest kjend for bør då førast opp i parentes.

Dersom to eller fleire parti/grupper stiller fellesliste er det mogleg å føre opp kva parti/gruppe kandidaten høyrer til.

Anna

Det må ligge ved ei liste med fødselsdato til alle kandidatane.

Dersom ein kandidat ikkje er valbar på grunn av stilling, butid eller bustadadresse, må det ligge ved ei erklæring frå kandidaten om at kandidaten vil vere valbar på valdagen (slutte i stilling, nådd tre års butid eller flytte til Ulstein kommune).

Om innlevering og fristar

Fristen for å levere listeforslag er 31. mars klokka 12. Denne fristen er absolutt, vert strengt praktisert og kan dermed ikkje overskridast.

Kjem lista inn til kommunen 31. mars klokka 12.01, vil valstyret ikkje ha anna val enn å avvise lista.

Det er forslagsstillarane sitt ansvar å sørge for at lista blir levert innan fristen. Det er ikkje godt nok å postlegge lista før fristen. Lista må ha kome fysisk fram til kommunen innan fristen. 

Det er mogleg å levere listeforslag på e-post eller faks der signaturane går fram innan fristen. Det er då ein føresetnad at den originale lista med underskrifter vert sendt med ein gong.

Ei liste treng ikkje vere fullstendig innan fristen. Det er til dømes mogleg å levere ei liste med færre enn dei sju kandidatane det er krav til. Det er mogleg å rette feil fram til valstyret godkjenner listene i sitt mai-møte. 

Nytt: Digital innlevering av lister

Listeforslag (valg.no)

Via lenka over er det mogleg å levere lister elektronisk.

I 2021 kunne partia for første gang levere inn listeforslag med elektroniske underskrifter. Denne løysinga er utvikla vidare, og det er no mogleg å både samle inn underskrifter og levere listeforslaga gjennom nettsida. Dette gjeld både registrerte parti og uregistrerte grupper.

Endre eller trekke ei liste

Fram til innleveringsfristen 31. mars klokka 12, kan forslagsstillarane endre så mykje som dei vil på lista. Dei kan endre rekkefølga, stryke eller bytte kandidatar. Det er også mogleg å levere eit nytt listeforslag.

Det er alltid det sist innleverte listeforslaget som er gjeldande.

Etter fristen kan lista berre endrast for sørge for at ho stettar vallova og forskriftene. Det er ikkje lov å endre rekkefølge eller endre på talet kandidatar som skal få røystetillegg etter fristen

Dersom ein kandidat trekk seg, vil dei tillitsvalde for lista få moglegheit til å sette inn ein ny kandidat om ønskeleg, enten på ledig plass eller fylle inn frå botn.

Ei liste kan trekkast innan 20. april klokka 12. Etter dette, vil det ikkje vere mogleg å trekke lista.

Offentleg ettersyn

Listeforslaga vert lagt ut for offentleg ettersyn under dette punktet etter kvart som dei kjem inn.

Når valstyret har godkjend listene, vil dei endelege listene verte lagt ut i eigen artikkel.

Meir informasjon og lenker

Denne rettleiinga er ikkje uttømande.

Ikkje nøl med å ta kontakt med valansvarleg om du har spørsmål.

For meir informasjon om korleis stille liste, og utforminga av desse sjå

Valansvarleg i Ulstein kommune er Janne-Marit Myklebust (janne@ulstein.kommune.no)

Kontaktinformasjon

Leiar i valstyret er ordførar Knut Erik Engh:

knut.erik.engh@ulstein.kommune.no / 95 76 66 92

Valansvarleg i Ulstein kommune er Janne-Marit Myklebust:

janne-marit.myklebust@ulstein.kommune.no / 97 08 92 85

 

Innlevering av listeforslag per post: 

Valstyret i Ulstein
Postboks 143
6067 Ulsteinvik

Besøksadresse: Sjøgata 63, 6065 Ulsteinvik

Digital innlevering av listeforslag kan du gjere via Valdirektoratet sine nettsider.