Slik kan du påverke

Slik kan du påverke

Hald innlegg på eit kommunestyremøte! Det er éin av måtane du kan påverke lokalpolitikken på mellom kommunestyrevala. Her får du fleire tips.
 

Hald innlegg under «open talarstol» i kommunestyremøtet

Bur du i Ulstein, har du rett til å snakke direkte til kommunestyret om det du er oppteken av. I starten av kvart kommunestyremøte er det «open talarstol». Du må gjere avtale på førehand viss du ønsker ordet. Send ein e-post til ordforar@ulstein.kommune.no.

Her ser du kva tidspunkt kommunestyret har møte

 

Krev at kommunestyret tek opp ei sak du brenn for

Bruk www.misak.no til å fremje ei sak du brenn for.

Viss minst to prosent av innbyggarane krev at ei sak kjem opp for kommunestyret, skal kommunestyret behandle ho. I Ulstein er det nok at ca. 170 personar stiller seg bak kravet. Del saka di i sosiale medium for å få dei underskriftene du treng.

 

Kontakt ein folkevald

Du kan seie det du meiner direkte til dei folkevalde som behandlar politiske saker. 

Her finn du kontaktinformasjon til dei folkevalde i Ulstein

 

Møt opp på gruppemøte

Dei vekene det er kommunestyremøte, har partia kvar sine gruppemøte på rådhuset tysdag kveld. Her førebur partia seg på det komande kommunestyremøtet. Om du har ei sak du vil ta opp med eit parti: Kontakt gruppeleiaren. 

Her finn du kontaktinformasjon til partia og oversikt over kvar dei har gruppemøta sine.

 

Gjer deg kjent med sakene dei folkevalde skal behandle

Saksdokumenta til møte i politiske utval, formannskapet og kommunestyret ligg på nett. Kanskje skal ei sak du er spesielt engasjert i behandlast? 

Her kan du lese om sakene dei folkevalde har på saklista

Her finn du sjølve møtedokumenta

Ofte vert ei sak først behandla i eit utval og/eller i formannskapet før ho går vidare til kommunestyret. Dess tidlegare i prosessen du engasjerer deg, dess større er sjansen for at du kan påverke. 

 

Gi høyringsinnspel

Kommunen legg jamleg ut saker til høyring. Både organisasjonar og enkeltpersonar kan uttale seg i høyringane før sakene vert behandla vidare. 

Her finn du saker som er til høyring.

 

Engasjer deg i eit parti

Ei rekke parti er aktive i Ulstein. Som partimedlem får du høve til å påverke kva saker partiet skal fremje – og kva standpunkt partiet tek i aktuelle saker.

Les om partia i kommunestyret..

 

Inviter ein folkevald

Du kan invitere ein folkevald til møte i lag og organisasjonar for å diskutere saker. 

Her finn du kontaktinformasjon til partia i kommunestyret

 

Ver med i den offentlege debatten

Sosiale medium og lokalavisa er gode arenaer for den som vil engasjere andre og seie meiningane sine til dei folkevalde.

Vikebladet dekker lokalpolitikken i Ulstein.

 

Møt opp på folkemøte

Kommunen inviterer jamleg til folkemøte rundt om i kommunen. Følg med når møta blir annonserte, møt fram og ta del i dialogen. 

 

Følg debatten i dei politiske møta

Alle politiske møte i kommunen er opne. Unntaket er når det skal behandlast saker som er unnateke offentleg innsyn. Dei fleste møta vert haldne på Ulstein rådhus. 

Her ser du når og kvar dei politiske møta vert haldne.

Kommunestyremøta vert dessutan overførde på nett – som direktesending og i opptak

 

Les kva dei folkevalde har vedteke

I politiske møte vert det skrive protokollar som viser kva som vart vedteke. 

Her finn du møteplan med protokollar frå politiske møte.