Råd for vinterferien

Råd for vinterferien

Skøyteis i Bugardsmyrane - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Koronaråd for tilreisande til Ulstein kommune.

Dersom du har vore på ferie eller er tilreisande frå eit område med høgt smittetrykk, vert det rådd til at du tek ein koronatest når du kjem til Ulstein kommune. Dette gjeld spesielt dersom du har vore i kommunar med utbrot av mutert virus.

Samleside om koronasituasjonen i Ulstein.

Dersom du ikkje har symptom kan du gjerne vente nokre dagar før du tek testen, då det i gjennomsnitt tek 4 - 6 dagar frå du er smitta til du får symptom, eller viruset kan påvisast. Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom eller har vore i kontakt med nokon med påvist smitte, bør du sjølvsagt ta ein koronatest så snart som råd. Dersom du har tatt ein negativ test og seinare får symptom, bør du ta ein ny test, då testen berre viser eit augneblinksbilde. 

Du er ikkje pålagt karantene dersom du er tilreisande frå andre kommunar, men vi har følgande råd til deg som er tilreisande, dei første 10 dagane etter at du har kome til Ulstein:

  • Ha få nærkontakter og hald avstand til andre.
  • Ikkje oppsøk stader der det er vanskeleg å halde avstand.
  • Dersom du ønskjer å besøke nokon på sjukeheimen, i omsorgsbustader eller andre eldre og / eller risikopasientar, ber vi spesielt om at du testar deg før dette. Gjer elles avtale med institusjonen om besøket.

Så lenge dei kjenner seg friske kan elevar gå på skulen, barn kan gå i barnehagen og du kan gå på arbeid sjølv, med mindre arbeidsplassen har eigne retningslinjer etter innanlandsreiser.

Dersom du har nyoppståtte luftvegssymptom, bør du ta ein koronatest så snart som råd, halde deg heime til du kjenner deg frisk og har fått svar på testen.

Du kan lese meir om generelle råd for vinterferien på helsenorge.no.