Oversikt over smittetilfelle i Ulstein sidan mars 2020

Oversikt over smittetilfelle i Ulstein sidan mars 2020

Svein Arne Orvik

Meldingar om testing og smitte mv.

 

Desember 2022

Siste status for 2022

Det er få som har meldt inn smitte i siste delen av 2022. Dette er nok fordi det ikkje betyr så mykje, med tanke på kva retningslinjer som gjeld. Vi veit at det var ein del smitte i jula, sjølv om vi har få registrerte, men ein del har registrert også etter jul. Vi kjem til å halde portalen open framover, men kjem ikkje til å rapportere systematisk vidare på heimesida, utan at det skjer ei stor endring i situasjonen.

  • Veke 47: 5
  • Veke 48: 7
  • Veke 49: 5
  • Veke 50: 3
  • Veke 51: 0
  • Veke 52: 0       
November 2022

22. november 2022

Auke i koronasmitte, men framleis lite influensa på landsbasis.

FHI har meldt at vi er inne i ein 4. smittetopp når det gjeld korona. Det er frivillig registrering og testing no. Vi har valt å ha registreringa vår open framleis, og vi ser den same trenden med auka smitte her hos oss. Helse Møre og Romsdal melder også om ein auke i innleggingar.

Registrerte smitta av korona  i Ulstein siste tid (avspeglar nok berre toppen av isfjellet) :

  • veke 41: 3 
  • veke 42: 5    
  • veke 43: 5
  • veke 44: 5
  • veke 45: 13
  • veke 46: 18
Oktober 2022

7. oktober 2022

Dei siste seks vekene har Ulstein kommune fått melding om 19 personar som er smitta med korona.

Det er no svært lite rapportert smitte i Ulstein og elles i landet.

  • Veke 35: 5 personar
  • Veke 36: 3 personar
  • Veke 37: 1 person
  • Veke 38: 3 personar
  • Veke 39: 5 personar
  • Veke 40: 2 personar
September 2022

Sjå oktober.

August 2022

30. august 2022

Det har vore nedgang i rapportert smitte utover sommaren, men igjen ein auke rett etter fellesferien og Norway Cup. Siste veka har det vore ein rask reduksjon. Det er framleis flest i aldersgruppa 40-59 år  som melder om smitte, men vi har no også hatt ein del i gruppa barn og unge under 20 år.

Totalt 65 personar har meldt om smitte til no i august, fordelt på 15 (0-19 år), 8 (20-39 år), 26 (40-59 år), 13 (60-79 år) og 3 (> 80 år)

  • Veke 31               13  personar
  • Veke 32               19 personar
  • Veke 33               25 personar
  • Veke 34               8 personar   

        

1. august 2022

Det har utover sommaren vore nedgang i innrapportert smitte. Dei fleste smitta er i aldersgruppa over 40 år. Dette kan også ha sin bakgrunn i at færre barn og unge testar seg no, sidan dei ofte blir mindre sjuke. 

Registrert smitta i Ulstein:

  • veke 26: 55 personar
  • veke 27: 23 personar
  • veke 28: 24 personar
  • veke 29: 25 personar
  • veke 30: 11 personar
Juli 2022

Sjå august.

Juni 2022

27. juni

I veke 24 vart det registrert 39 nye koronatilfelle i kommunen, og dei smitta er i all hovudsak mellom 40 og 80 år. I veke 25 auka totalen til 57 smittetilfelle. Det er flest smitta i gruppa 40-59 år, og aukande i gruppa 20-39 år. Om lag ein fjerdedel av dei smitta er mellom 60-80  år.

 

13. juni

Dei siste to vekene ser vi ein klar auke i rapportert smitte. Dei fleste koronasmitta er no i alderen 40-80 år.

Totalt 48 personar har meldt frå om smitte i første halvdel av juni.

24 i veke 22 og 24 i veke 23.

 

1. juni

I mai har vi registrert totalt 37 smitta. Av desse er berre to under 20 år, resten fordelt i alle aldrar:

  • veke 18: 10 personar
  • veke 19: 7  personar
  • veke 20: 15 personar
  • veke 21: 5 personar
Mai 2022

2. mai

Det er ein jamn nedgang i innmeldte smittetilfelle i Ulstein.

Dei siste to vekene har vi til saman fått rapportert om 40 smitta, fordelt på 22 personar i veke 16 og 18 i veke 17

Aldersfordeling: 

  • 0-19 år : 2
  • 20-39 år: 11
  • 40-59 år: 16
  • 60-79 år:  9
  • 80 +: 2
April 2022

19. april

Det er stadig nedgang av innmelde smittetilfelle i Ulstein. Dei siste to vekene er det meldt om totalt 93 nye tilfelle.

I veke 14 fekk kommunen meldt inn 63 nye tilfelle, og i veke 15 30 nye.

Det er no flest smitta i aldersgruppa 40-59 år.

Samla tall for veke 14  og 15:

  • 0-19 år: 7
  • 20-39 år: 10
  • 40-59:  47
  • 60-79: 26
  • 80+: 3

   

04. april

Vi har framleis nedgang i rapporterte smittetal. Siste veka var smittetala i aldersgruppa over 40 år stabile, medan det var nedgang i alle aldrar frå 0-40 år

Vi følger stort sett landssnittet. Det er venta ei halvering i talet på smitta kvar 2. veke framover

Veke 13 vart det meldt inn 105 smittetilfelle.

  • 0-19 år: 17
  • 20-39 år: 18
  • 40-59 år: 37
  • 60-79 år: 24
  • 80+: 9
Mars 2022

28. mars

Det er framleis nedgang i registrert smitte i alle aldersgrupper i Ulstein. Kommunen merkar også stor nedgang i etterspurnaden etter hurtigtestar.

Totalt i veke 12 vart det registrert 135 smitta.

  • 0-19 år: 22
  • 20-39 år: 49
  • 40-59 år: 37
  • 60-79 år: 23
  • 80+: 4

21. mars

Smitten i Ulstein på rask retur

I veke 11 fekk Ulstein kommune meldt inn 180 nye positive koronatilfelle. Dette er ei halvering samanlikna med veka før. Det er nedgang i alle aldersgrupper.

  • 0-19 år:  35
  • 20-39 år: 57
  • 40-59 år: 52
  • 60-79 år: 31
  • 80 +: 5

 

14. mars

Framleis nedgang i talet på smitta i Ulstein. Vi har også, som forventa,  noko smitte på sjukeheimen blant bebuarar og personale.

Totalt i veke 10 er det registrert 368 smitta i Ulstein. Dette er ein nedgang på 108 frå veke 9. Snittalder for dei smitta er stadig høgare, og ligg no på 38,5 år.

Det er nedgang i alle aldersgrupper, sett vekk frå aldersgruppa 60-79 år der det er ein liten auke.

  • 0-19 år:  79
  • 20-39 år: 105
  • 40-59 år: 121
  • 60- 79 år: 62
  • 80 +: 7

 

7. mars

Mindre smitte i veke 9

-  Det kan sjå ut som smittetoppen i Ulstein no er nådd, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

-  Vi har i veke 9 ein nedgang i smitten frå 668 registrerte smitta i veke 8 til 476 smitta i veke 9.

Den største nedgangen er blant aldersgruppa under 20 år der smittetalet omtrent er halvert. I dei andre aldersgruppene er det ganske stabilt frå veka før, bortsett frå hos dei aller eldste der vi ser vi ein auke.

  • 0-19 år: 121 
  • 20-39 år: 142
  • 40-59 år: 144
  • 60-79 år: 55
  • 80+: 14
Februar 2022

28. februar

Smitten aukar framleis i Ulstein, men flatar no meir ut, Det er no gruppa 40-69 år som har størst auke i smitte. Ganske stabilt i gruppa under 40 og ein liten auke hos eldre.

Totalt i veke 8 vart det meldt om 668 smitta. Av desse har 112 teke PCR.

Lenke: Her kan du melde inn positiv heimetest.

Snittalderen for dei smitta er no 32,3 år.

  • 0-19 år: 254
  • 20-39 år: 150
  • 40-59 år: 204
  • 60- 79 år: 54
  • 80+: 6

 

21. februar

Det er stadig ein sterk auke i talet på koronasmitta i Ulstein.

I veke 7 har vi registrert totalt 513 smitta. Av desse er 94 stadfesta med PCR, resten har meldt inn positive hurtigtestar. Snittalderen for dei smitta er 27,6 år

  • 0-19 år: 227 personar
  • 20-39 år: 150 personar
  • 40-59 år: 109 personar
  • 60-79 år: 26 personar
  • 80 år +: 1 person

Takk til dei som registrerer positive heimetestar via heimesida til kommunen. Vi ønsker at folk held fram med dette, i alle fall ein periode, slik at vi kan halde ei viss oversikt og sjå utviklinga av pandemien.

 

16. februar

Det er framleis ein sterk auke i smittetalet med ei fordobling sidan veke 5.
Totalt er det 296 som er registrert smitta i Ulstein i veke 6. Av desse er 105 stadfesta med PCR. 191 er sjølvregistrerte heimetestar.

Ovar halvparten av dei positive er under 20 år og vi har få smitta i aldersgruppa over 60 år 

  • 0-14  år :  98 personar
  • 15-24 år: 62 personar
  • 25-44 år: 81 personar
  • 45-64 år : 46 personar
  • 65 -84 år: 9 personar
  • 85+: ingen personar

Ein stor takk og ros til alle som er flinke til å registrere inn heimetestane via heimesida til kommunen. Vi ønsker at folk held fram med dette, i alle fall ein periode, slik at vi kan halde ei viss oversikt og sjå utviklinga av pandemien.

10. februar

I veke 5 vart det registrert 140 positive koronatestar i Ulstein kommune.

Av desse er 88 stadfesta med PCR. 52 har positiv hurtigtest.

Dei smitta fordeler seg slik etter alder:

  • 0-20 år:    62  personar
  • 20-60 år   70 personar
  • Over 60 år  Åtte personar          

Det er no smitte på alle skulane og på dei fleste klassetrinna i kommunen.

          

7. februar

Frå torsdag t.o.m. søndag har Ulstein kommune fått 40 nye smittetilfelle stadfesta med PCR. I tillegg er det 56 personar som har sjølvregistrert positive hurtigtestar. Nokre av desse vil også verte stadfesta med PCR måndag.

Det er ein stadig aukande tendens når det gjeld talet på smitta. I Ulstein ligg vi på om lag 3 500 tilfelle per 100 000 på 14 dagar. Dette er under landssnittet, men høgt i vårt område.

Det er framleis mange barn i skulealder som vert smitta, men det er også ein aukande tendens i foreldregruppa. Det er få tilfelle over 65 år.

Ingen av dei som er smitta er alvorleg sjuke eller innlagt på sjukehus.

4. februar

T.o.m. onsdag denne veka har Ulstein kommune fått melding om 67 nye smittetilfelle. Av dei er 45 stadfesta med PCR. 20 av dei er positive hurtigtestar, men som ikkje treng stadfesting med PCR i følge nye reglar (sjå under fana koronatesting).

20 av dei smitta er frå utbrotet ved Sunnmøre folkehøgskule. Der er også nokre nye smitta i sentrumsskulane. Vi ser også starten på eit utbrot ved Hasund skule, der det no er smitte på fleire av klassetrinna. Elevane ved Hasund skule får med seg hurtigtestar heim frå skule fredag, og vert bedne om å teste seg før skule på måndag/så snart dei får symptom. 

Januar 2022

31. januar

Totalt i veke 4 er det registrert 133 koronatilfelle i Ulstein. Av desse er 116 stadfesta med PCR. I tillegg er det registrert 17 positive hurtigtestar som ikkje treng PCR-stadfesting etter nye retningslinjer.

Sida førre oppdatering, torsdag 27. januar, er det 42 nye tilfelle som er stadfesta med PCR, pluss ein del positive hurtigtestar.

Smitteutbrota på folkehøgskulen og skulane i sentrum er no i tilbakegang. Totalt er det registrert 64 positive testar på elevar ved SUFH, i tillegg til fire lærarar. Desse er inkludert i tala over, og utgjer difor om lag halvparten av tilfella i Ulstein i veke 4.

Ved Ulstein vidaregåande skule er det fire som har testa positivt sidan førre oppdatering.

Ved Ulstein ungdomskule er det registrert tre nye positive.

Ved Ulsteinvik barneskule er det registrert seks nye positive.

I tillegg har fire barnehagebarn testa positivt.

Alle som bør testast vil få beskjed via skule eller barnehage.

Mange er flinke til å melde inn positive hurtigtestar sjølve. Denne veka har over 50 personar registrert seg. Dette er nesten halvparten av dei smitta.

 

27. januar

Sidan måndag har Ulstein kommune fått melding om 75 nye positive koronatilfelle, stadfesta med PCR.

Av desse er 29 tilknytt Sunnmøre folkehøgskule. Ved Ulstein ungdomsskule er det åtte nye smitta, dei fleste på 9. trinn. Ved Ulsteinvik barneskule er det 10 nye smitta, dei fleste på 7. trinn.

I tillegg er det meldt inn mange positive hurtigtestar som ikkje er stadfesta med PCR. Mange av desse er knytt til utbrotet ved folkehøgskulen.

26. januar

56 elevar og to lærarar ved Sunnmøre folkehøgskule har testa positivt for korona. Skulen har gjort tiltak for å isolere dei smitta, og det vert gjennomført hyppig testing på dei andre elevane og dei tilsette. Ingen av dei som er smitta er alvorleg sjuke. 

24. januar

Sidan onsdag har Ulstein kommune fått melding om 47 nye positive smittetilfelle stadfesta med PCR. Av desse er åtte tilknytt ungdomsskulen. Fire av desse er elevar på 9. trinn, som tidlegare har vore smittefritt.

Kommunen har også fått melding om sju nye positive tilfelle på 7. trinn ved Ulsteinvik barneskule, og elles enkelttilfelle spreidd på andre trinn. Dei fleste søsken til kjende positive.

Det har i løpet av helga også kome informasjon om at det er nokre positive tilfelle ved Sunnmøre folkehøgskule, og det er difor starta testing der.

Det har så langt ikkje kome informasjon om at nokon av dei som er smitta har vorte alvorleg sjuke.

19. januar

Denne veka har Ulstein kommune så langt fått melding om 62 nye koronatilfelle, alle stadfesta med PCR. 55 av desse vart meldt inn tysdag, og sju i løpet av onsdag. Dette kan verte fleire, då ikkje alle prøvesvara har kome.

Av dei 62 er det ni elevar ved 7. trinn ved Ulsteinvik barneskule som har testa positivt, og ti på ungdomsskulen (ni på 8. trinn og ein på 10. trinn).

Dei andre smitta er i hovudsak nærkontaktar til kjende smittetilfelle. Nokre har fått påvist smitte ved innreise frå utlandet, og eit par har ukjent smitteveg.

Det har også kome melding om ein positiv hurtigtest i ei tredjeklasse ved Ulsteinvik barneskule. Her fekk resten av klassa tilbod om testing med hurtigtest onsdag.

Ingen av dei som har vorte smitta siste tida har vorte alvorleg sjuke.

17. januar

Totalt i veke 2 fekk Ulstein kommune 70 nye positive koronatilfelle.

Ungdomsskulen: I løpet av fredag og laurdag fekk kommunen meldt inn fem nye smitta på 8. trinn. Totalt har det vore 16 smitta på dette trinnet dei to første vekene av 2022. Det vert regelmessig testing på ungdomsskulen på 8. trinn dei to neste vekene.

På 10. trinn har det kome melding om éin ny positiv, 18 totalt. Utbrotet ser difor ut til å vere over her.

På 9. trinn har det framleis ikkje kome melding om at nokon har testa positivt.

Ulsteinvik barneskule: Har hatt fire positive koronatilfelle, men desse har ikkje vore på skule.

Barnehagane har også fire positive.

Ved Ulstein vidaregåande er det meldt om seks positive tilfelle, men dei fleste av desse har ikkje vore på skulen.

I tillegg har 24 andre testa positivt for korona, for det meste nærkontaktar som har vore i karantene. To av dei 24 er gjestearbeidarar.

Ingen alvorleg sjuke

- Dette betyr at vi har eit smittetrykk på omlag 1 250/100 000 og er ganske raude, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

- Ut frå smittesituasjonen bed vi alle vere på vakt og halde seg heime ved nyoppstått sjukdom - og teste seg!

Til no i dette utbrotet har ingen vorte så alvorleg sjuke at dei har vorte lagt inn på sjukehus.

I tillegg til det som er rapportert her, har kommunen fått mange positive hurtigtestar i helga. Det kan sjå ut til at 7. trinn på Ulsteinvik barneskule no har fleire smitta, og det er difor starta med testing regelmessig her.

 

14. januar

Totalt i veke 2 har Ulstein fått melding om 49 positive koronatestar (dette er inkludert positive hurtigtestar frå torsdag og fredag, som ikkje er stadfesta med PCR.)

Smitteutbrotet ved Ulstein ungdomsskule

8. trinn har ni nye smitta denne veka. Saman med to elevar frå veke 1, er det totalt 11 smitta på dette trinnet.

10. trinn har 12 nye smitta denne veka. Saman med fem elevar frå veke 1, er det totalt 17 smitta på dette trinnet.

9. trinn: Ikkje påvist smitte til no.

Totalt har 29 elevar fått påvist smitte på ungdomsskulen siste to vekene.

Andre smitta

I tillegg har 27 andre testa positivt denne veka. Dette dreier seg stort sett om husstandsmedlemmer til elevane på ungdomsskulen, i tillegg til personar/familiar som har vore på ferie i utlandet i jule- og nyttårshelga.

10. januar

17 nye smitta i Ulstein

Elleve nye elevar ved ungdomsskulen har testa positivt for korona på hurtigtest. Dette gjeld sju elevar på 10.trinn og fire elevar på 8. trinn. Desse kjem i tillegg til dei ni elevane som vart meldt før helga. Dei ni er stadfesta med PCR.

Dei andre elevane har fått med seg hurtigtestar heim og skal teste seg kvar dag før skule. Ved negativ test kan dei delta på organisert trening, men vi oppmodar om å vere forsiktig ved sosial kontakt elles. Det vil i praksis seie at dei bør avgrense kor mange dei er på besøk hos i fritida, og prøve å halde meir avstand enn elles. Alle må vere merksame på symptom.

I tillegg har seks andre personar i Ulstein testa positivt på hurtigtest. To av dei er søsken til elevar på ungdomsskulen, to er gjestearbeidarar og to har ukjend smitteveg.

7. januar

Til saman ni elevar ved Ulstein ungdomsskule har dei siste dagane testa positivt for korona. Det vert difor innført testregime for elevane på 8. trinn og 10. trinn. Alle har fått med hurtigtestar heim. Nærare informasjon om korleis testregimet fungerer vert gitt til føresette via skulen. 

Det vert oppmoda om at alle tek ein hurtigtest før skulestart måndag. Ved negativ test kan elevane møte på skulen, om dei elles er friske. Ved positiv test må folk isolere seg og bestille PCR-test ved å ta kontakt med Ulstein legesenter

I tillegg til elevane har ni andre testa positivt i dag. Alle har samanheng med tidlegare utbrot. 

6. januar 

Alle dei fem elevane som hadde positiv hurtigtest tysdag, er stadfesta positive ved PCR. I tillegg har ni andre fått stadfesta koronasmitte ved PCR-test onsdag 5. januar. Åtte av desse er nærkontaktar som sat i karantene.

Det er førebels ikkje stadfesta at nokon av desse er smitta av omikron-varianten av viruset.

NB. Det vart tysdag meldt at ein elev ved Ulstein vidaregåande skule var smitta. Dette er feil. Vedkomande er ikkje elev der.

4. januar 2022

Etter ein lang juleferie vart det før skulestart oppmoda om at alle elevar i grunnskulen i Ulstein tok ein hurtigtest.

Fire av testane var positive. Tre gjeld elevar ved Ulsteinvik barneskule, og ein gjeld ein elev ved Ulstein ungdomsskule.

I tillegg har ein elev ved Ulstein vgs. også testa positivt på hurtigtest.

Fem andre i Ulstein har også testa positivt og fått stadfesta smitte med PCR-test sidan sist oppdatering 30. desember.

  • Ein utanlandsk arbeidar
  • Ein person som var nærkontakt og i karantene
  • Ein tilreisande som har vore på besøk i Ulstein. Her er det mange nærkontaktar.
  • To personar har vorte smitta etter julefeiring i annan kommune. Ingen nærkontaktar i Ulstein.

Det har elles vore mykje testaktivitet ved legesenteret både måndag og tysdag denne veka. Også Kleven og Ulstein har testa sine arbeidarar, og alle testane kom tilbake negative.

Desember 2021

30. desember

Det har vore ein relativt roleg periode i romjula når det gjeld koronasmitte i Ulstein. Hittil har det vorte stadfesta sju nye smittetilfelle, i tillegg til to positive hurtigtestar som ventar på stadfesting med PCR-test. Smittevegen til dei stadfesta tilfella er kjent. Tre er nærkontaktar, to kjem frå utlandet og fire kjem frå reise i Noreg. Det er få nærkontaktar til desse tilfella.

 

27. desember

Sidan 22. desember har det kome melding om to koronatilfelle i Ulstein.

Begge tilfella er frå utlandet. Den eine er ein gjestearbeidar som har kome til Ulstein, og den andre er ein person som har arbeid i utlandet.

Eitt av tilfella er omikron-varianten av viruset.

Dei to personane er sett i isolasjon, og begge har ei nærkontakt kvar som er sett i karantene.

15. desember

Sidan 10. desember har Ulstein kommune fått seks nye positive koronatilfelle stadfesta med PCR-test.

Tre av desse er nærkontaktar til tidlegare positive. To av desse er skuleelevar som var i karantene/testregime.

To er gjestearbeidarar. Arbeidskollegaer vert testa.

I tillegg har kommunen fått melding om eit nytt smittetilfelle med kjent smitteveg. Vedkomande har ei nærkontakt.

 

10. desember

Smitteutbrotet i Ulstein på retur

Ulstein kommune har sidan måndag fått stadfesta 12 positive PCR-testar.

  • Fem er kjende nærkontaktar til tidlegare positive. Alle desse har vore i karantene/testregime, og det er ingen nye nærkontaktar hos desse.
  • Eit personale i barnehage har testa positivt. Vedkomande hadde negativ hurtigtest siste dagen på jobb før det oppstod symptom/sjukdom. Nærkontaktar i barnehagen har testa seg med hurtigtest, og vi har ikkje fått fleire positive.
  • Ein person busett i Ulstein har testa positivt, knytt til utbrotet i Herøy omsorgssenter. Vedkomande er personale der.
  • To gjestearbeidarar har testa positivt. Dei har begge jobba på Myklebust verft i Sande og bur på brakkerigg.
  • Ein person som testa seg med hurtigtest på grunn av symptom har fått stadfesta positiv prøve på PCR. Vedkomande har jobba aleine, og smittevegen er ukjend.

Haddal skule

Dei to elevane som var positive på hurtigtest  i helga er stadfesta positive. Alle på Haddal skule vart testa med hurtigtest på onsdag og fredag morgon før skule. Ingen nye har testa positivt, og det ser difor ut til at utbrotet ved skulen er over. Skulen har fått tilbod om kohorttesting av alle elevane måndag 13.12 og har takka ja til dette. Lærarar har også fått tilbod om testing. Vi treng samtykke frå foreldra i samband med testing på skulen og det er sendt ut melding om dette.

Ulstein ungdomsskule

Ei 8. klasse ved UUS vart hurtigtesta tysdag. Dei vart også kohorttesta torsdag saman med mange lærarar. Alt er svart ut som negativt.

Lite smittetrykk i skular og barnehagar

- Med utgangspunkt i dette ser det ut til at det no er lite smittetrykk i skular og barnehagar hos oss, seier kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde.

- Men slik situasjonen er i Noreg, kan vi forvente at det stadig vil dukke opp enkelte smitta. Så hald fram med å teste dykk og ver heime ved nyoppståtte symptom. Personar med symptom kan hente test i garasjen ved legesenteret kl. 11 på kvardagar.

Andre med avtale om testing (nærkontakter) hentar på helsestasjonen kl 14-16.

Ingen med symptom på korona må gå inn på venteromma på legesenteret eller helsestasjonen utan avtale

 

6. desember

Sidan førre oppdatering (04.12) har Ulstein kommune fått stadfesta åtte tilfelle av koronasmitte. Desse er stadfesta med PCR-test. Nokre av desse var meldt med hurtigtest tidlegare.

I tillegg har kommunen i dag fått melding om ni nye positive hurtigtestar. Dei fleste har samanheng med andre kjende tilfelle. 

Haddal skule: Dei to elevane med positive hurtigtestar i forrige veke har fått desse stadfesta positive. I tillegg kom det to nye positive hurtigtestar i dag. Den eine er nærkontakt med tidlegare smitta og har ikkje vore på skulen. Den andre testa seg fredag med hurtigtest, men var negativ då. Det vil likevel verte ein ny runde med testing på Haddal skule onsdag.

Fire andre som er smitta er nærkontaktar til kjende smitta og har vore i karantene heime.

To personar har ukjend smitteveg. Ein av dei har vore på reise til annan del av landet. Det er usikkert om vedkomande er smitta i Ulstein før utreise, eller på Austlandet. Den siste har ikkje nokon samanheng med andre kjende tilfelle.

 

4. desember

Torsdag 02. 12 fekk kommunen melding om fire nye smittetilfelle. Tre personar var kjente nærkontaktar til tidlegare smitta personar., Ein  er ein elev ved ungdomsskulen i Ulsteinvik . Smittevegen er usikker, men det er truleg at vedkomande er smitta i samband med hospitering på Uvs  Eleven testa positivt på hurtigtest  heime og heile 10. klassetrinn vart kohorttesta torsdag. Ale desse testane var stadfesta negative fredag.

Fredag 03.12 fekk kommunen stadfesta fem nye smitta. Alle er nærkontaktar til kjende tilfelle.

I tillegg har to elever til på Haddal skule, på 5.trinn og 6. trin,n testa positivt i samband med massetestinga der. Alle elever og alt personale ved Haddal skule har fått med hurtigtestar heim for å teste seg før skulestart måndag morgon.

Viktig om hurtigtestar

Det har vore stor etterspurnad etter hurtigtestar, og vi ønsker at folk testar seg. Siste veka måtte helsetenesta rasjonere litt fordi lageret nesten var tomt. Det har vorte testa mykje i skulane, og vi harhatt mange smitta, men no har kommunen heldigvis fått fleire testar. 

Vi ber alle merke seg kvar dei bør og kan hente testar (NB! Dette gjeld vekedagane. I helgane kan de hente testar etter avtale med legevakta)::

Alle med symptom som treng testar må hente dei i garasjen / teststasjonen ved legesenteret mellom kl 11.00 og 11.30.  Vi ønsker ikkje sjuke personar inn på helsestasjonen.

Alle husstandsmedlemmer og nærkontaktar som får beskjed om å teste seg av smittesporingsteamet kan hente på helsestasjonen etter avtale kl. 14-16. Berre personar som er friske kan kome dit,

Ingen med symptom må gå  inn på venteromma verken på legesenteret eller på helsestasjonen

 

2. desember

Ulstein kommune fekk onsdag melding om at ni personar testa positivt på koronaviruset. Dei fleste av desse var stadfestingar av allereie meldte positive hurtigtestar. Dei smitta er nærkontaktar av tidlegare stadfesta smittetilfelle. Det er også meldt om fleire positive hurtigtestar, og desse vert testa med PCR torsdag. Alle nye smittetilfelle er knytt til det kjente smitteutbrotet i kommunen.

Til no har tre tilsette og fem elevar ved ulike trinn på Haddal skule testa positivt på koronaviruset.

Det er stor pågang for å hente hurtigtestar ved Ulstein helsestasjon, og lageret har minka drastisk dei siste dagane. Personar med symptom og/eller personar som har vore i kontakt med stadfesta smittetilfelle vert oppmoda om å hente hurtigtestar. Det er dessverre ikkje høve til å hente testar av andre grunnar, til dømes at du skal på reise, får besøk, eller andre grunnar som ikkje er knytt til punkta nemnt over. Helsestasjonen ber om forståing for dette.

November 2021

30. november

Ulstein kommune har tysdag fått melding om at femten personar har testa på positivt på PCR-testar tatt måndag. Dei fleste var stadfestingar av allereie meldte positive hurtigtestar frå helga og måndag. Dei andre er nærkontaktar til personar med kjent smitte. Smittetilfella, med unntak av to, er knytt til det allereie meldte smittutbrotet i kommunen.

Det har i tillegg kome inn meldingar om fire nye positive hurtigtestar i løpet av tysdag.

Utbrotet i Ulstein veks stadig, og helsetenesta oppmodar folk om å ha låg terskel for å teste seg om dei kjenner på symptom eller får melding om at nokon dei har hatt nærkontakt med er smitta.

Hurtigtestar får du ved Ulstein helsestasjon.

 

29. november

Ulstein kommune har måndag fått melding om at ellevenye har testa positivt for korona på hurtigtestar. Ti av desse er truleg forgreiningar av det kjente utbrotet i Herøy. Ein person er truleg smitta etter reise i utlandet.

Blant dei elleve er ein ny tilsett ved Haddal skule som har testa positivt. Det er sett inn tiltak med testing av elevar og tilsette på skulen. Også ein tilsett i ein barnehage har testa positivt. Det er smitte i fleire barnehagar, og føresette vert orienterte gjennom sine respektive barnehagar.

Det er eit stort utbrot i Ulstein for tida, og helsetenesta oppmodar alle om å ha låg terskel for å teste seg. Hurtigtestar er å få ved Ulstein helsestasjon.

 

28. november

Ulstein kommune fekk laurdag melding om to nye smittetilfelle, der eitt var stadfesting av positiv hurtigtest frå fredag. Begge smittetilfelle er knytt til det allereie rapporterte utbrotet.

Søndag kom det melding om sju nye personar som har testa positivt på hurtigtest. Fem av desse er knytt til det kjende utbrotet, eitt er mest sannsynleg knytt til reise på Austlandet, og det siste tilfelle har førebels ukjend smitteveg.

Av dei smitta er tre barneskuleelevar ved Haddal skule, i tillegg til at det førre veke var ein tilsett ved skulen som testa positivt. Foreldre/føresette og tilsette er informert via skulen om førebyggande tiltak for å hindre vidare smittespreiing. 

Det er større smittetrykk i kommunen enn tidlegare, inkludert i skulen og fleire barnehagar. Aktuelle barnehagar er informert.

Det er viktig at alle har låg terskel for å teste seg viss dei over tid har vore nær nokon som er smitta. Det er også viktig å teste seg ved symptom på koronaviruset.

26. november

I løpet av torsdag og fredag denne veka har Ulstein kommune fått melding om sju nye smittetilfelle. Av desse var fem stadfestingar av positive hurtigtestar, og nærkontaktar av personar med positive hurtigtestar. Alle sju smittetilfelle er knytt til smitteutbrotet i Herøy.

Det har i tillegg kome melding om ytterlegare tre positive hurtigtestar i kommunen, der det eine tilfelle bur i ein annan kommune. Desse er ikkje stadfesta med PCR-test enno. Smitta er mest truleg knytt til det nemnte smitteutbrotet.

24. november

Ulstein kommune har denne veka fått stadfesta ni nye smittetilfelle. Sju av desse har truleg samanheng med smitteutbrotet i Herøy.

To personar har vorte smitta under opphald på Austlandet.

I tillegg fekk kommunen onsdag melding om fire positive hurtigtestar. Desse er ikkje stadfesta med PCR-test enno. Dei tilhøyrer det same utbrotet.

22. november

Ulstein kommune har i løpet av helga fått melding om to nye smittetilfelle. Begge har samanheng med utbrotet i Herøy. Det går føre seg testing blant nærkontaktar.

19.november

Ulstein kommune har dei siste dagane fått melding om tre nye smitta. Eitt av tilfella er nærkontakt til tidlegare kjende smittetilfelle. To personar er smitta etter feriereise til Spania.

Vi har ikkje fått melding om smitte hos nye barn eller unge i kommunen denne veka.

16. november

I løpet av helga og  fram til tysdag har Ulstein fått melding om tre nye smittetilfelle. Alle er nærkontaktar til tidlegare kjende smittetilfelle.

12. november

Oppdatering frå veke 45: Denne veka har kommunen fått melding om fem nye positive prøver. Fire av tilfella har samanheng med utbrotet vi har i barneskulen. Dette er to vaksne og to småbarn. Ingen nye elever har testa positivt. Dei to småbarna har ikkje vore i barnehage.

Det siste tilfellet er ein vaksen person der vi ikkje er kjent med smittevegen 

Nærkontaktar til alle er informert og testar seg.

 

9. november

I helga fekk kommunen stadfesta to koronatilfelle. Begge hadde positiv hurtigtest i slutten av førre veke. I tillegg var det påvist eit tilfelle til, også knytt til dei andre smittetilfella. Det er ingen nye nærkontaktar.

Dei tre stadfesta tilfella er alle knytt til tredje trinn ved Ulsteinvik barneskule, som meldt før helga.
 

4. november

Ulstein kommune har i dag fått stadfesting av tre smittetilfelle som tidlegare har testa positivt på hurtigtest. Det eine tilfelle er ein tilsett ved omsorgsbustadane ved Petterbakken. Det er ingen nye nærkontaktar knytt til dei tre stadfesta tilfella.

Det har i tillegg kome tre positive svar på hurtigtestar tatt i ei tredjeklasse ved Ulsteinvik barneskule. Desse er no sett i isolasjon i påvente av stadfesting av resultatet. Skulen har informert føresette i den aktuelle klassa, og hurtigtestar er delt ut.

 

3. november

Ulstein kommune har fått melding om to nye smittetilfelle. Det eine tilfellet er ei stadfesting på smitte på ein tredjeklassing ved Ulsteinvik barneskule som testa positivt på ein hurtigtest.

Det andre tilfellet er ei nærkontakt som allereie var i heimekarantene.

Ein tilsett ved den bemanna omsorgsbustaden Petterbakken har også testa positivt på ein hurtigtest. Her vert resten av personalet og bebuarane testa.

Ved ny smitte i skulen vil elevane klassevis få med seg to hurtigtestar kvar heim. Ein til å teste seg med ein gong, og ein til å ha heime om dei får symptom seinare. Ingen treng å vere heime frå skule eller barnehage utan at dei er kontakta av sporingsteamet i kommunen, men om folk vert sjuke/får symptom, er oppmodinga at alle testar seg og held seg heim nokre dagar før dei møter i barnehage/skule/arbeid.

 

2. november

Denne veka har Ulstein kommune fått melding om fem nye koronatilfelle. Det er snakk om ein gjestearbeidar som var i innreisekarantene som no er overført til isolasjon. I tillegg har fire nærkontaktar til tidlegare melde smittetilfelle fått stadfesta smitte. 

  • Ein elev på tredjetrinn ved Ulsteinvik barneskule har testa positivt, men har vore vekke frå skulen denne veka
  • Ein elev på sjuandetrinn ved Ulsteinvik barneskule har testa positivt, men har vore vekke frå skulen pga. symptom
  • Ein elev på fjerdetrinn ved Hasund skule har testa positivt, men har vore i testregime og har ikkje vore på skule siste dagane
  • Eit barnehagebarn har testa positivt, men har vore heime siste dagane på grunn av smitte i familien

I tillegg ligg det føre ein positiv hurtigtest på ytterlegare ein elev på tredjetrinn på Ulsteinvik barneskule.

Oktober 2021

29. oktober

Dei to elevane som testa positivt på hurtigtest i går, har fått stadfesta koronasmitte gjennom positiv PCR-test. Dei to er elevar ved høvesvis Ulsteinvik barneskule (tredjeklasse) og Hasund skule (sjuandeklasse).

Vi har no totalt 16 personar i isolasjon og 18 nærkontaktar/husstandsmedlemmer.

28. oktober

Ulstein kommune har fått svar på PCR-testane på dei tre andre elevane ved fjerdetrinn ved Ulsteinvik barneskule som testa positivt på hurtigtest 26. oktober. Alle er stadfesta positive.

I tillegg har tre nærkontaktar testa positivt. Dei er alle nærkontaktar til kjente smittetilfelle. Den eine av desse er eit barnehagebarn i Høddvoll barnehage. Dette vert følgt opp med hurtigtesting i barnehagen.

28. oktober

Ulstein kommune har fått melding om nye positive koronatilfelle.

Ein elev i tredjeklasse ved Ulsteinvik barneskule testa positivt på ein hurtigtest eleven tok heime. Alle dei andre elevane i klassa er testa med hurtigtest, og alle har testa negativt.

Ein elev i sjuandeklasse ved Hasund skule har også testa positivt på hurtigtest i dag tidleg. Her er det kjend smitteveg. Eleven var på skule i går, men testa då negativt. Det vert difor ikkje gjennomført hurtigtest på resten av klassa. Eleven var allereie i eit testregime, då det er kjent smitte i familien.

Kommunen har også fått stadfesta at eleven i fjerdeklasse på Ulsteinvik barneskule, som testa positivt på hurtigtest 26. oktober, har koronasmitte. Kommunen ventar framleis på ei stadfesting (PCR-test) på om tre andre elevar i fjerdeklasse, som testa positivt på hurtigtest, også er smitta.

I tillegg fekk kommunen i går melding om ein positiv PCR-test på ein person busett i Ulstein. Smitta er sett i samanheng med utbrotet i maritim industri.

Helsetenesta oppmodar om at dei som enno ikkje har fått vaksine mot korona, men som ønskjer det, tek kontakt med helsestasjonen på telefon 477 54 774

Ingen av dei som har fått koronasmitte i Ulstein siste månaden har vorte alvorleg sjuke eller hatt behov for innlegging på sjukehus.

 

27. oktober

Alle hurtigtestane som vart tekne i dei to andre 4. klassene ved Ulsteinvik barneskule var negative.

Elevane i fjerdeklassen som det er smitte i, må hurtigteste seg dagleg heime før skule.

Alle smittetilfella har kjend smitteveg no.


Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde kjem med følgjande oppmoding:

- Sidan det no er auka smitte i lokalsamfunnet og skulen, bør alle innbyggjarane i kommunen ha låg terskel for å teste seg ved nyoppståtte luftvegsymptom.

Hurtigtestar kan, etter avtale, hentast på teststasjonen (garasjen) ved Ulstein legesenter i Sjøgata 1. Hurtigtestane er gratis. 

 

26. oktober

Vi har i dag fått stadfesta seks nye positive smittetilfelle. Fem av dei har tilknyting til dei kjende smittetilfella i verftsindustrien, medan ein har ukjent smitteveg. Smittesporing pågår.

I tillegg har ein elev i 4. klassetrinn ved Ulsteinvik barneskule testa positivt på hurtigtest i dag tidleg. På grunn av dette vart resten av klassa hurtigtesta, og tre av elevane testa då positivt. Denne klassa vert følgd opp med hurtigtesting etter sentrale retningslinjer. I morgon vil dei to andre klassene i 4. trinnet bli testa.

 

25. oktober

Oppdatering måndag 25. oktober klokka 12.45: Alle hurtigtestar som vart tatt i tiandeklasse var negative.

Ein elev på tiandetrinn ved Ulstein ungdomsskule har testa positivt for korona. Smittevegen er kjent. Alle elevane i tiandetrinn får tilbod om å teste seg, og får også med seg hurtigtestar heim for sjølvtesting for den komande veka. Alle som testar seg kan gå på skule så lenge dei får negativ test. 

Det er også påvist smitte på hurtigtest i Sætra barnehage. Det går føre seg testing av personalet/born og det vert vidare oppmoda om at born med symptom vert testa av foreldre. Hurtigtestar vert delt ut i barnehagen. Ukjent smitteveg.
 

21. oktober

Ulstein kommune har fått melding om fire nye koronatilfelle. Alle gjestearbeidarar.
 

20. oktober

Ulstein kommune har fått melding om 12 nye koronatilfelle. Alle er knytt til utbrotet i verftsindustrien. 10 av dei er utanlandske gjestearbeidarar, ein er tilreisande frå annan kommune i Noreg, og ein er busett i Ulstein. Nærkontaktar vert hurtigtesta.
 

19. oktober

Det er meldt om fem nye tilfelle av koronasmitte i Ulstein. Fire av dei er gjestearbeidarar, og smitta knyter seg til det pågåande verftsutbrotet. Den femte personen er busett i Ulstein og er smitta etter reise i utlandet. 

 

15. oktober

Fire nye gjestearbeidarar har testa postitivt på korona. Desse var alle reie i isolasjon på grunn av positiv hurtigtest.

I tillegg har tre familiemedlemmer i ein husstand også testa positivt. Desse var i karantene og er no overført i isolasjon. 

 

14. oktober:

Vi har i dag fått stadfesting på dei uavklarte hurtigtestane i høve gårsdagens statusrapport. Resultatet er seks nye smittetilfelle. Alle personane er gjestearbeidarar og tilknytta verftsindustrien. Dei var alle reie i isolasjon grunna positive hurtigtestar.
 

Oppmoding til uvaksinerte

Vi ser at vi no har aukande smitte i vår region og kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde kjem med ei ekstra oppmoding til uvaksinerte om å ta i mot tilbod om vaksinering.

- Vi vaksinerer både eigne innbyggjarar, gjestearbeidarar og andre som oppheld seg i kommunen. Neste vaksinasjonsdag er er onsdag 20. oktober og vi har då ledige dosar. Vaksineringa finn stad ved helsestasjonen på Reiten og vi tilbyr berre Pfeizer-vaksiner. 

- Kontakt oss på sms eller ring telefonnummer 477 54 774 om du vil bestille time til vaksine.


 

13. oktober

Tolv personar har testa postitivt på korona sidan laurdag.

Alle smittetilfella har tilknytning til verftsindustrien. Det dreier seg om 4 gjestearbeidarar, 5 mannskapsmedlemmer og 3 lokale personar.  I tillegg har vi nokre uavklarte hurtigtestar. Alle dei smitta er isolerte.


I samarbeid med verfta er det sett i gong med massiv testing. Det føregår også sporing og testing rundt dei som er lokalt busette her. Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde ber alle  innbyggjarar om å vere litt ekstra varsame no og vere nøye med å følgje gode smittevernråd;

  • god hand- og hostehygiene
  • alle som er sjuke bør halde seg heime og ha låg terskel for å teste seg. Dette gjeld også for vaksinerte og beskytta.


Hurtigtestar vert delt ut ved teststasjonen på legesenteret til dei som har luftvegssymptom. 

 

9. oktober

Fem nye gjestearbeidarar har fått påvist koronasmitte. Det eine tilfellet vart meldt om fredag kveld, dei fire andre på laurdag. Nærkontaktar vert testa, og smittesporing pågår. 

8. oktober

Ein gjestearbeidar i Ulstein har testa positivt for korona. Vedkomande sat i isolasjon grunna positivt svar på hurtigtest. Smitten har samanheng med utbrotet på Myklebust Verft i Sande kommune. 

6. oktober

Den siste veka er det meldt om fem nye koronasmitta i Ulstein.

Tre gjestearbeidarar i Ulstein er smitta i samband med utbrotet på Myklebust Verft i Sande.

I tillegg er to lokale innbyggjarar smitta etter reise innanlands.

Nærkontaktar vert følgt opp med testing.

September 2021

Oppsummert: Tre personar i Ulstein fekk påvist korona i september 2021.

Testing veke 39

Seks personar tok koronatest ved legekontoret i veke 39.

Testing veke 38

110 personar tok koronatest ved legekontoret i veke 38. I tillegg er det starta med utlevering av hurtigtestar ved luftvegsinfeksjonar. Rundt 20 hurtigtestar er delt ut.  

Testing veke 37

170 personar tok koronatest i Ulstein i veke 37.

16. september

Denne veka har kommunen tilbydd kohorttesting på 10. klassetrinn på ungdomsskulen og på 7. klassetrinn på alle barneskulane.

Vi har no fått svar på alle testane. Ingen positive.

15. september

Ulstein kommune har fått melding om to nye tilfelle av koronasmitte. Fem nærkontaktar er sett i karantene. Smittesporing pågår.

Testing veke 36

245 personar tok koronatest i Ulstein i veke 35. 

9. september

Ein person har testa positivt for korona. Vedkomande er ein gjestearbeidar som var i innreisekarantene, og som no er overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.

Kommunen har også fått svar på kohorttestane frå 10. trinn (fire klasser) på ungdomsskulen. Alle er negative.

Testing veke 35

230 personar tok koronatest i Ulstein i veke 35.

August 2021

Oppsummert: 18 personar i Ulstein fekk påvist korona i august 2021.

25. august

Alle bebuarar og tilsette som var nærkontaktar etter smittetilfellet i Holsekerdalen (17. august) har testa negativt på test to. Besøksrutinane og drifta er difor tilbake på normalt nivå.

20. august

Ulstein kommune fekk torsdag kveld melding om eit nytt smittetilfelle. Personen er knytt til eit kjent tilfelle og var allereie i karantene. Vedkomande er overført til isolasjon. Ingen nye nærkontaktar.

18. august

To personar i Ulstein fekk 17. august påvist koronasmitte. Ein av dei to har vore på jobb i Holsekerdalen 20 og Ulshaugen. Dei andre tilsette har testa negativt på hurtigtest, men Holsekerdalen 20 og Ulshaugen er stengt i ei veke framover som førebyggjande tiltak. Smittevegen er ukjend.

Fem personar er i smittekarantene, i tillegg til nokre av personalet og bebuarane.

Dei som er fullvaksinerte er fritekne for karantene. Det er også lov å ta med bebuarar ut, dersom bebuarane er fullvaksinerte. Dei kan gå tur og/eller følgje pårørande heim om dei ønskjer det.

14. august

Laurdag har Ulstein kommune fått melding om at seks personar er smitta av koronaviruset. Dei seks var allereie i karantene og er overført til isolasjon. Ei nærkontakt er sett i karantene.

14. august

Ulstein kommune fekk fredag kveld melding om eit nytt smittetilfelle. Personen sat allereie i karantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.

13. august

Ulstein har fått melding om tre nye koronatilfelle. To av dei sat allereie i karantene og er overført til isolasjon. Eitt tilfelle har ukjent smitteveg. Totalt er det om lag 35 nærkontaktar.

Mellom anna er jentelaget til Hødd17 sett i karantene.

Frå før ha Ulstein fire andre i isolasjon.

Tre av dei totalt sju som no er i isjolasjon, var innom Brygga Sportsbar laurdag kveld, 7. august. Alle som var i lokalet på same tid har fått SMS med oppmoding om å teste seg.

11. august

Ulstein fekk tysdag kveld (10. august) melding om tre nye koronasmitta. To av dei smitta har vore på reise saman innanlands.

Den tredje var også på reise innanlands for tre veker sidan. Vedkomande har hatt lette symptom i etterkant.

Totalt er seks nærkontaktar sett i karantene.

Testing i sommar

184 personar tok koronatest i Ulstein i veke 31.

122 personar tok koronatest i Ulstein i veke 30.

95 personar tok koronatest i Ulstein i veke 29.

80 personar tok koronatest i Ulstein i veke 28.

3. august

Ein person i Ulstein har testa positivt for korona. Vedkomande var i karantene, men er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.

1. august

Ulstein fekk laurdag melding om eit nytt smittetilfelle. Dette har samanheng med smitteutbrotet i Ørsta/Volda, der over 100 personar har fått stadfesta koronasmitte siste veka. Vedkomande sat i karantene og er overført til isolasjon. To nærkontaktar er sett i karantene. 

Eit av tilfella som vart meldt 30.juli, som det vart jobba med smittesporing på, viser seg å vere smitte etter reise til austlandet. 

Til saman er det no sju personar i karantene i Ulstein.

Juli 2021

Oppsummert: Ni personar i Ulstein fekk påvist korona i juli.

 

30. juli

To personar i Ulstein har fått påvist koronasmitte. Ein av dei var i karantene, men er no overført til isolasjon. Denne personen er knytt til eit av tilfella som vart meldt i Ulstein 21. juli.

Det vert jobba med smittesporing knytt til det andre tilfellet som er meldt.

30. juli

Åtte nye personar i Ulstein er i karantene som følgje av smitteutbrotet i Ørsta/Volda. Per 29. juli var det registrert 81 smittetilfelle i dei to kommunane denne veka.

29. juli

Tre personar i Ulstein er sett i smittekarantene i samband med koronautbrotet i Ørsta/Volda. Dei tre er nærkontaktar til eit smittetilfelle i Volda. Siste veka er det registrert 31 koronatilfelle i Ørsta/Volda.

24. juli

To personar har testa positivt for korona. Dei to var allereie i karantene og er no overført til isolasjon. Tilfella er knytt til eit av smittetilfella som vart meldt 21 juli. Det er ingen nye nærkontaktar som må i karantene.

I tillegg er seks personar i Ulstein i karantene i samband med eit smittetilfelle i Volda.

22. juli

To personar har testa positivt for korona. Dei to var allereie i karantene og er no overført til isolasjon. Dei er knytt til eit av smittetilfella som vart meldt 21. juli, der ein person har vore på leir/reise annan stad i Noreg. Det er snakk om delta-varianten av koronaviruset.

21. juli 

Nok ein person i Ulstein har testa positivt for korona. Vedkomande har vore på jobb ein annan stad i landet, og testa seg ved retur til Ulstein. To nærkontaktar er i karantene. Det er snakk om delta-varianten av koronaviruset.

21. juli 

Ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Personen har vore på leir ein annan stad i Noreg. Seks nærkontaktar i Ulstein er sett i karantene. Alle leirdeltakarane er også sett i karantene. Det er snakk om delta-varianten av koronaviruset.

14. juli 

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde melder at vi no har fått svar på test 2 på dei som sit i karantene i karantene i samband med smittetilfellet som vart meldt 6. juli. Alle har testa negativt - både dei 10 heimbuande i Ulstein, i tillegg til dei 10 andre som kjem frå andre kommunar i landet. Dei tjue nærkontaktane er no ute av karantene.

Personen som hadde testa positivt for korona 6. juli er frisk og nærast symptomfri. Vedkomande slepp ut av isolasjon i kveld. 

8. juli 2021

Kommuneoverlege Norunn Kirkebø Elde melder at vi no har fått svar på første test på dei 10 som sit i karantene i samband med smittetilfellet som vart meldt 6. juli. Alle har testa negativt.
 

6. juli 2021

Ein person i Ulstein har testa positivt for korona. Vedkomande har vore på ferie ein annan stad i Noreg og er no sett i isolasjon. Tjue nærkontaktar, derav 10 frå Ulstein, er sett i karantene.

Testing i veke 27

94 personar tok koronatest i Ulstein i veke 26.

Juni 2021

Oppsummert: Ingen nye smittetilfelle i juni.

 

Testing i veke 26

82 personar tok koronatest i Ulstein i veke 26.

Testing i veke 24

116 personar tok koronatest i Ulstein i veke 24.

Testing i veke 23

175 personar tok koronatest i Ulstein i veke 23. 

Mai 2021

Oppsummert: Ti personar testa positivt for korona i Ulstein i mai 2021, ni av dei tilreisande gjestearbeidarar.

 

Testing i veke 22

110 personar tok koronatest i Ulstein i veke 22. 

Testing i veke 21

75 personar tok koronatest i Ulstein i veke 21. 

29. mai

Ein person i Ulstein har testa positivt for korona. Vedkomande var nærkontakt til utbrotet i Ålesund og sat i smittekarantene. Test to, dag sju var positiv. To nærkontaktar er sett i smittekarantene.

27. mai

To gjestearbeidarar i Ulstein har testa positivt på korona. Gjestearbeidarane sat i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Til saman fire nærkontaktar er overført frå innreisekarantene i smittekarantene.

Testing i veke 20

135 personar tok koronatest i Ulstein i veke 20. Det har ikkje kome meldingar om at nokon har testa positivt for korona.

Testing i veke 19

161 personar tok koronatest i Ulstein i veke 19.

11. mai

Ein gjestearbeidar har testa positivt for korona. Vedkomande har ingen symptom, men vart testa i innreisekarantene. Gjestearbeidaren er overført til isolasjon. Personen har ingen nærkontaktar. 

Testing i veke 18

102 personar tok koronatest i Ulstein i veke 18.

9. mai

Ein gjestearbeidar har testa positivt for korona. Vedkomande var i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ei nærkontakt, også i innreisekarantene, er no i smittekarantene.

5. mai 

Fem gjestearbeidarar i Ulstein fekk tysdag kveld (4. mai) påvist koronasmitte. Dei fem var i innreisekarantene, og sit no i isolasjon. Dei har til saman ni nærkontaktar som er overført til smittekarantene.

Ulstein har til saman seks gjestearbeidarar i isolasjon med koronasmitte no, inkludert personen som testa positivt 30. april. Desse seks har til saman ti nærkontaktar.

Ein annan person i Ulstein er i karantene som følge av smitteutbrotet i Ålesund.

April 2021

Oppsummert: 16 personar testa positivt for korona i Ulstein i april 2021, av desse var sju tilreisande gjestearbeidarar.

 

Testing veke 17

115 personar tok koronatest i Ulstein i veke 17.

30. april

  • Ein gjestearbeidar har testa positivt for korona. Personen var i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Vedkomande har ingen symptom. Ei nærkontakt er overført frå innreisekarantene til smittekarantene.

26. april

  • Ein gjestearbeidar har testa positivt for korona. Personen var i innreisekarantene, og testa positivt på test to. Vedkomande er overført til isolasjon. Der er ingen nye nærkontakter.

26. april

Tre personar i Ulstein er i smittekarantene og 13 russ er i ventekarantene i samband med koronautbrotet i Ålesund.

Sunnmørsposten opplyser at det er snakk om 41 smittetilfelle i Ålesund sidan torsdag, og at det ikkje er kontroll på smitta. Det vert m.a. oppmoda om at folk som har vore på Toldboden og Dråpe Kaffehus er merksame på symptom, og også elles om dei har vore i Ålesund siste dagane.

26. april

110 personar tok koronatest i veke 16.

 

20. april 2021

  • Ein gjestearbeidar i Ulstein har testa positivt for korona. Personen sat i innreisekarantene, men er no overført til isolasjon. Ei nærkontakt er overført frå innreisekarantene til smittekarantene.

Elles har alle som har testa seg i samband med utbrotet ved Aktiv trening Varleite avlagt negativ koronatest, og utbrotet ved senteret vert dermed sett på som avslutta. Det var to personar som hadde trent ved senteret veka etter påske som fekk påvist smitte, men ingen andre er smitta.

Testing veke 15

I veke 15 tok 307 personar koronatest i Ulstein.

17. april 2021

  • Fem gjestearbeidarar i Ulstein har testa positivt for korona. Dei fem sat i innreisekarantene, men er no overført til isolasjon. Sju andre er sett i karantene.

13. april 2021

  • To personar har fått påvist korona i Ulstein, 13. april. Personane var allereie i smittekarantene, og er no overført til isolasjon.

I det eine tilfellet er der ingen nye nærkontaktar som hamnar i karantene.

Den andre personen var på Aktiv trening på Varleite samstundes med smittetilfellet frå 11. april, og har også testa positivt for korona. Fire personar tilknytt denne personen er overført frå ventekarantene til smittekarantene.

Smittekjelda for dei to smitta på treningssenteret er ukjend. Det vert difor oppmoda om at alle som var innom senteret i førre veke, frå og med tysdag 6. april, er raske med å teste seg dersom dei får symptom.

13. april 2021

Dei to elevane i grunnskulen som er nærkontakt til smittetilfellet i Ulstein 11. april, har testa negativt på første test. Dei er framleis i karantene, men dette vil seie at alle som er i ventekarantene ved Ulsteinvik barneskule (fjerdetrinn) og Ulstein ungdomsskule (ei åttandeklasse), i tillegg til Hødd g13 og g14 er ute av ventekarantene.

Det vert framleis gjort undersøkingar for å finne smittekjelda til dette smittetilfellet.

35 personar er i smittekarantene i Ulstein.

Testing veke 14

Det vart teke 357 koronatestar i veke 14.

11. april 2021

  • Ein person busett i Ulstein har testa positivt på korona.

To elevar i barneskulen er nærkontaktar, og dette gjer at fjerdetrinn på Ulsteinvik skule og ei åttandeklasse på ungdomsskulen er i ventekarantene. I tillegg er to treningsgrupper frå Aktiv trening Varleite definert inn som nærkontaktar, då vedkomande var på trening tysdag og torsdag. To av Hødd sine fotballag er også i ventekarantene, det gjeld dei som var på trening med g13 og g14 fredag og laurdag.

Smittekjelda er ukjent.

Dei som er i ventekarantene må vente til nærkontaktane har fått negativt svar på første test før dei er ute av karantenen.

I Ulstein er også ei klasse på Ulstein vidaregåande i ventekarantene, knytt til eit smittetilfelle i Ørsta.

 

Testing veke 13

Det vart testa 270 personar i Ulstein i veke 13.

7. april 2021

  • Tre personar i Ulstein har testa positivt på korona. To av personane har vore i smittekarantene som nærkontaktar til eit kjent smittetilfelle på Hareid. Dei to er no overført frå karantene til isolasjon. Her er det ingen nye nærkontaktar, då dei to har vore i karantene.
  • Også ein tredje person har testa positivt. Smitten her kjem truleg frå Austlandet, då vedkomande har besøkt familie der i påska. Også familien på Austlandet har testa positivt for korona. Her er det to nærkontaktar som kjem i smittekarantene, ein i Ulstein og ein på Hareid.

4. april 2021

  • Ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Personen har 13 nærkontaktar som no er sett i karantene. Smittekjelda er førebels ukjent. 

2. april 2021

  • Ytterlegare to personar i Ulstein har testa positivt for korona. Dei to er nærkontaktar med personen som fekk påvist smitte 31. mars. Dei har vore i karantene som følge av dette, og er no i isolasjon. 

20 andre som er i karantene i Ulstein, grunna smittetilfelle andre stadar på Sunnmøre, har testa negativt på første test. 

Mars 2021

Oppsummert: Ein smitta i Ulstein i mars 2021.

 

31. mars kl. 19.30

  • Det har kome melding om at ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Tre andre i Ulstein er i karantene som følge av dette. Personen skal ikkje ha fleire nærkontaktar i Ulstein, men det er også sett i gang smittesporingsarbeid i Herøy, der den koronasmitta har arbeidsplassen sin.

Dette smittetilfellet har ikkje samanheng med meldingane tidlegare i dag, om fleire som er i smittekarantene og i ventekarantene.

Dei tre i karantene vert testa skjærtorsdag, 1. april.

31. mars 2021 

Det er fleire personar i Ulstein som er i karantene.

  • I samband med ein smitta frå Hareid, er det sju frå Ulstein som er i smittekarantene, og to som er i ventekarantene.
  • I samband med smitte på Larsnes i Sande, er åtte personar i smittekarantene.
  • I samband med smitte i Ålesund, er sju personar i smittekarantene.
  • To yngre fotballag i Ulstein er også i ventekarantene.

Testing i veke 12

280 personar tok koronatest i Ulstein i veke 12. Det har ikkje kome melding om positive prøvesvar.

24. mars 2021

Alle dei 20 i karantene har testa negativt på begge testane dei har tatt. 17 fekk svar i helga som var, og dei tre siste tok test måndag. Det er ingen registrert smitta eller i karantene i Ulstein per 24. mars.

Testing i veke 11

185 personar tok koronatest i Ulstein i veke 11. Det har ikkje kome melding om positive svar.

20. mars 2021

Av dei 20 i karantene i Ulstein, tok 17 test nummer to fredag 19. mars. Alle dei er no svart ut negative. Dei tre siste tek test over helga.

17. mars 2021

Alle dei 20 som er i karantene i Ulstein har fått svar på første koronatest. Alle prøvesvara var negative. Dei 20 er i karantene som følge av eit smitteutbrot knytt til Volda vidaregåande skule. 

Alle saman skal teste seg igjen mot slutten av veka. Elles har kommunen ingen nye smitta eller nye i karantene.

15. mars 2021

20 personar i Ulstein er sett i karantene som følge av smitteutbrotet i Ørsta/Volda. I alt fem klasser frå Volda vidaregåande skule var saman på Ørsta kulturhus onsdag, og fredag kom det melding om at ein av elevane er smitta med korona. 

Til saman er det no registrert tre smitta blant elevane, og over 150 personar er sett i karantene. Av desse bur rundt 40 i andre kommunar enn Ørsta/Volda. Ulstein kommune har fått svar på 15 koronaprøver, og alle var negative. Dei siste fem har teke koronatest i løpet av søndagen/måndagen, og prøvesvar er venta om kort tid.

10. mars 2021 

  • Ein person busett i Ulstein har testa positivt for korona. Personen har vore i utlandet på arbeidsreise, og er i innreisekarantene. To nærkontaktar har testa negativt, men skal halde fram med å vere i karantene til dei kan legge fram ein negativ test nummer to, om nokre dagar.
Februar 2021

Oppsummert: Ingen smittetilfelle i Ulstein i februar 2021.

 

Testing i veke 9

140 personar tok koronatest ved Ulstein legesenter i veke 9. Det har ikkje kome melding om positive prøvesvar.

Testing i veke 8 

Det vart teke 72 koronatestar i veke 8. Alle prøvene var negative.

Testing i veke 7 

Det vart teke 96 koronatestar i veke 7. Det har ikkje kome melding om nye positive prøvesvar.

Testing i veke 6 

Det var 111 personar som tok koronatest ved legesenteret i veke 6.  Alle prøvesvara var negative.

Testing i veke 4 og 5 

Det vart teke 111 koronatestar i veke 4 og 87 i veke 5.

Januar 2021

Oppsummert: 28 personar i Ulstein testa positivt for korona i januar 2021, av desse var 27 tilreisande gjestearbeidarar.

 

28. januar 2021 

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein ny gjestearbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.
  • Det vart gjort 77 testar i Ulstein i veke 3. Alle testsvara var negative. Ingen nye smittetilfelle utover det som er nemnt.

27. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein ny gjestearbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.

26. januar 2021

  • Det vart gjort 77 testar i Ulstein i veke 3. Alle testsvara var negative. Ingen nye smittetilfelle utover det som er nemnt.

24. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant to nye gjestearbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Begge har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.

23. januar 2021

  • Det er i helga påvist koronasmitte blant ein ny gjestearbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.

 

20. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant to nye gjestearbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Dei har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.
  • Det vart gjort 154 testar i Ulstein i veke 2. Alle testsvara var negative. Ingen nye smittetilfelle utover det som er nemnt.
  • 84 personar fått koronavaksine i Ulstein kommune. 

18. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein nye gjestearbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Fire nærkontaktar er satt i karantene.

17. januar 2021

  • Det er i helgen påvist koronasmitte blant fire nye gjestearbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Alle har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ein nærkontakt er satt i karantene.

13. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant to nye gjestearbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personane har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar
  • Det er også påvist koronasmitte blant ein som har vore i utlandet. Personen har vore i innreisekarantene sidan ankomst og sit no i isolasjon. Ingen nærkontaktar. (Denne var tidlegare rapportert inn som gjestearbeidar ved ein glipp. Dette er no retta opp.)
  • Totalt har vi 17 smittetilfelle som er i isolasjon.

11. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein ny gjestearbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.
  • Totalt har vi 14 smittetilfelle som er i isolasjon.
  • Det vart gjort 306 testar i Ulstein i veke 1. Alle testsvara var negative. Ingen nye smittetilfelle utover det som er nemnt.

10. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant tre nye arbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Alle har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.
  • Totalt har vi 13 smittetilfelle som er i isolasjon.

8. januar 2021

  • Det blei i går påvist koronasmitte blant tre nye arbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Alle har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Alle i reisefølget til to av dem er satt i smittekarantene.
  • Det blei i dag påvist koronasmitte blant ytterlegare fem nye arbeidarar som har vore i innreisekarantene. Dei er no overført til isolasjon
  • Totalt har vi 10 smittetilfelle i Ulstein kommune etter nyttår og som no er i isolasjon.

6. januar 2021

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant to arbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Begge har vore i innreisekarantene og er no overført til isolasjon. Ein nærkontakt er satt i karantene.
Desember 2020

Oppsummert: Tre personar testa positivt for korona i Ulstein i desember 2020.

 

28. desember 2020

  • Det vart gjort 270 testar i Ulstein i veke 52. Alle testsvara var negative.

21. desember 2020

  • Det vart gjort 224 testar i Ulstein i veke 51. Alle testsvara var negative.

17. desember 2020

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein ny arbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen hadde negativ test tatt 72 timar før ankomst til Noreg og har vore i innreisekarantene sidan innreise. Ny testdag dag 7 etter ankomst var test positiv. Personen er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar. 

16. desember 2020

  • Det vart gjort 121 testar i Ulstein i veke 50. Alle testsvara var negative.
  • Det er totalt 1 person i isolasjon i Ulstein i dag.

8. desember 2020

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein student som har kome frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene sidan heimkomst og er no i isolasjon. Alle reglar er fulgt så ingen nærkontaktar.

7. desember 2020

  • Det vart gjort 124 testar i Ulstein i veke 49. Ingen nye smittetilfelle!

2. desember 2020

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein ny arbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene. Personen hadde negativ test tatt 72 timar før ankomst til Noreg, men ny test ved ankomst viste seg å vere positiv. Personen er no overført til isolasjon. Ingen nærkontaktar.
  • Det vil seie at det er totalt tre kjente smittetilfelle i Ulstein no, 2 lokale tilfelle og 1 utlanlandsk arbeidar.
November 2020

Oppsummert: 18 personar testa positivt for korona i Ulstein i november 2020, av desse var 16 tilreisande gjestearbeidarar.

 

29. november 2020

  • Oppdatering smittetilfelle:
    • Ein nærkontakt har testa positivt. Personen har vore i karantene sidan 24. november, men er no satt i isolasjon.
    • Eleven på vidaregåande har testa negativt igjen. Elevar og tilsette på Ulstein vidaregåande skule er no ute av karantene.
  • Det vart gjort 122 testar i Ulstein i veke 48. Ingen nye smittetilfelle utover det som tidlegare er nemnt. 

26. november 2020

  • Oppdatering smittetilfelle: Vi har fortsatt berre eitt lokalt smittetilfelle. Alle nærkontaktar til personen som er smitta har testa negativt. Dette inkluderer også ungdommen som er elev ved Ulstein vidaregåande skule. I samarbeid med Folkehelseinstituttet (FHI), vil klassa ha karantene fram til nytt testresultat føreligg. Vi kjem att når vi fått resultatet.

25. november 2020

  • Nytt smittetilfelle: Vi har i dag fått påvist smitte hjå ein forelder til ein elev ved Ulstein vidaregåande skule. Nærkontakter til forelderen og klassa med elevar og lærarar er sett i karantene. Smittekjelda er kjend og har samanheng med smitteutbrotet i Volda. Smittesporingsteamet jobbar vidare med nærkontaktar og smittesporing. 

23. november 2020

  • Det vart gjort 138 testar i Ulstein i veke 47. Ingen nye smittetilfelle utover det som tidlegare er nemnt. 
  • Siste positive test for nokon frå/i Ulstein var 18. november.

19. november 2020

  • Det vart gjort 167 testar i Ulstein i veke 46. Ingen nye smittetilfelle utover det som tidlegare er nemnt.

18. november 2020

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant ein ny arbeidar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Personen har vore i innreisekarantene. Personen hadde negativ test tatt 72 timar før ankomst til Noreg, men ny test ved ankomst viste seg å vere positiv. Personen er no overført til isolasjon.      

  • Det er fortsatt ikkje påvist smitte blant andre enn utanlandske arbeidarar. 

  • Helsetenesta samarbeider godt og tett med bedriftene om testing, smittesporing og oppfølging.

17. november 2020

  • Vi har fått melding om eit nytt smittetilfelle. Personen er ein utanlandsk arbeidarar som har vore i innreisekarantene. Personen er no overført til isolasjon.

  • Det er totalt 8 personar i isolasjon i Ulstein kommune i dag. 

14. november 2020

  • Vi har fått melding om eit nye smittetilfelle. Personen er ein utanlandsk arbeidarar som har vore i innreisekarantene. Personen er no overført til isolasjon. . 

  • Det er fortsatt totalt 10 personar i isolasjon i Ulstein kommune i dag. 

12. november 2020

  • Vi har fått melding om eit nye smittetilfelle. Personen er ein utanlandsk arbeidarar som har vore i innreisekarantene. Personen er no overført til isolasjon.

  • Det er fortsatt totalt 12 personar i isolasjon i Ulstein kommune i dag. 

11. november 2020

  • Vi har fått melding om to nye smittetilfelle. Personane er utanlandske arbeidarar som har vore i nærkontaktkarantene. Dei er no overført til isolasjon

  • Det er totalt 12 personar i isolasjon i Ulstein kommune i dag. 

9. november 2020

  • Det vart gjort 183 testar i Ulstein i veke 45. Ingen nye smittetilfelle utover det som tidlegare er nemnt.

8. november 2020

  • Vi har fått melding om tre nye smittetilfelle. Personane er utanlandske arbeidarar som har vore i innreisekarantene og no er i isolasjon.  

6. november 2020

  • Vi har fått melding om eit nytt smittetilfelle. Personen er ein utanlandsk arbeidar som har vore i innreisekarantene og no er i isolasjon. Nærkontaktar er satt i karantene. 

5. november 2020

  • Vi har fått melding om to nye smittetilfelle. Begge er utanlandske arbeidarar som har vore i innreisekarantene sidan dei ankom Noreg førre veke. Begge er no i isolasjon. 

4. november 2020

  • Vi har fått melding om tre nye smittetilfelle. Den eine personen var i innreisekarantene allereie da han var i reisefølget til ein tidlegare smitta. Dei to andre personane er utanlandske arbeidarar som er komen til kommunen. Alle er no i isolasjon. 

2. november 2020

  • Vi har fått melding om at ein utanlandsk arbeidar som er komen til kommunen, har fått positivt svar på koronatesten på Vigra. Vedkomande har vore i innreisekarantene og er no i isolasjon. Reisefølget til vedkomande sit i karantene. 

  • Det vart gjort 251 testar i Ulstein i veke 44. Ingen nye smittetilfelle utover det som tidlegare er nemnt.

  • Ein person som er folkeregistrert i Ulstein, men bur og er testa ein annan stad har fått positivt svar. 

Oktober 2020

Oppsummert: 23 personar i Ulstein fekk påvist korona i oktober 2020. Dei 23 var tilreisande gjestearbeidarar.

 

30. oktober 2020

  • Ein elev ved Ulstein ungdomsskule og ein elev ved Ulstein vidaregåande skule er sette i karantene. Grunnen er at dei har hatt nærkontakt med ein person som seinare har fått påvist koronasmitte etter å ha blitt testa ein annan stad i landet. 

  • Dei to elevane er testa. Smittevernteamet i kommunen avventar resultatet av testane og vil sette i verk nye tiltak dersom det vert behov for det. 

  • Oppdatering kl. 19: Dei to elevane har fått negative testsvar, det vil seie at det ikkje er påvist smitte. 

29. oktober 2020

  • Det er i dag påvist koronasmitte blant fem nye arbeidarar som har reist til Ulstein kommune frå utlandet. Dei fem er blant dei som har vore i innreisekarantene. No er dei fem isolerte. 22 personar er no isolerte i kommunen. 

  • Det er ikkje påvist smitte blant andre enn utanlandske arbeidarar. 

  • Helsetenesta samarbeider tett med bedriftene om testing, smittesporing og oppfølging av dei involverte. 

28. oktober 2020

  • To nye arbeidarar som har reist frå utlandet til Ulstein kommune, har no testa positivt for koronaviruset. Begge sat i innreisekarantene frå dei kom, og etter at testsvara kom, er dei sette i isolasjon. Dei to har svært få symptom. Helsetenesta i kommunen følger situasjonen deira. Til saman 17 personar er no isolerte. 

27. oktober 2020

  • Det vart gjort 119 testar i Ulstein i veke 43. 15 personar testa positivt, slik det tidlegare er meldt. Det gjeld arbeidarar som har reist inn frå utlandet. Dei andre andre testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

26. oktober 2020

  • Ytterlegare seks arbeidarar som har reist inn frå utlandet, har testa positivt for koronaviruset og er isolerte. Til saman 14 tilreisande arbeidarar sit no i isolasjon i Ulstein kommune. 101 personar i reisefølga deira er sette i karantene av kommuneoverlegen. 

  • Dei seks som no har testa positivt, har kome i tre ulike reisefølge som har reist etter nasjonale reglar med innreisekarantene. Reisefølga kom via Ålesund lufthamn, dels i eigen buss og eigne bilar frå flyplassen og fram til Ulstein kommune, dels med buss til Valderøya og hurtigbåt til Hareid og deretter i bil til Ulstein kommune. 

  • Legetenesta i kommunen og bedriftene arbeider fortløpande med oppfølging og smittesporing. Dei som er sette i karantene i kommunen vår, har ikkje løyve av bedriftene til å gå i butikkar. Det nasjonale regelverket gir personar i karantene lov til å handle inn mat og medisinar. Personar som er sette i isolasjon pga. påvist smitte, har ikkje lov til å forlate heimen. 

23. oktober 2020

  • Seks nye arbeidarar som har reist inn frå utlandet, har testa positivt for koronaviruset. Dei seks og reisefølget deira kom med eigen buss frå Ålesund lufthamn og hit til Ulstein onsdag 21. oktober. Etter det har dei vore i karantene, og dei seks som har testa positivt, er i isolasjon. 

22. oktober 2020

  • Tre nye arbeidarar som har reist inn frå utlandet, har testa positivt for koronaviruset i Ulstein. Dei tre er isolerte. Alle i reisefølga deira har vore i karantene sidan dei kom. 

20. oktober 2020

  • Det vart gjort 137 testar i Ulstein i veke 42. To personar testa positivt, slik det vart meldt 12. og 15. oktober. Dei andre andre testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

15. oktober 2020

  • Vi har fått melding om at ein utanlandsk arbeidar som er komen til kommunen, har fått positivt svar på koronatesten. Vedkomande har vore i innreisekarantene og er no i isolasjon. Reisefølget til vedkomande sit i karantene. 

12. oktober 2020

  • Det vart gjort 74 testar i Ulstein i veke 41. Ein person busett i Herøy testa positivt, Herøy kommune står for arbeidet med smittesporing. Dei 73 andre testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei som er testa. 

5. oktober 2020

  • Det vart gjort 108 testar i Ulstein i veke 40. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei som er testa. 
September 2020

Oppsummert: To personar i Ulstein fekk påvist korona i september 2020, ein av dei i utlandet.

 

30. september 2020

  • Ein person busett i Ulstein har fått påvist koronasmitte under ei arbeidsreise i utlandet. Vedkomande er framleis i utlandet og vert sittande i isolasjon der. Vedkomande drog til utlandet i starten av september og vart mest sannsynleg smitta utanlands.  

29. september 2020

  • Det vart gjort 94 testar i Ulstein i veke 39. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei som er testa. 

22. september 2020

  • Det vart gjort 140 testar i Ulstein i veke 38. 1 person testa positivt, slik vi melde 18. september. 139 testsvar er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei. 

18. september 2020

  • Ein person busett i Ulstein er no påvist smitta av koronaviruset. Vedkomande fekk smitten utanfor Møre og Romsdal og har sidan vore i isolasjon. 

16. september 2020

  • Det vart gjort 142 testar i Ulstein i veke 37. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei som er testa. 

8. september 2020

  • Det vart gjort 187 testar i Ulstein i veke 36. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei som er testa. 
August 2020

Oppsummert: Eitt smittetilfelle i Ulstein i august 2020.

 

31. august 2020 

  • Det vart gjort 182 testar i Ulstein i veke 35. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei som er testa. 

25. august 2020

  • Det vart gjort 124 testar i Ulstein i veke 34. 1 person testa positivt, slik vi melde 20. august. 123 testsvar er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei. 

20. august 2020

  • For første gong sidan slutten av mars er det no oppdaga eit nytt tilfelle av koronasmitte i Ulstein. Det er ein person som nyleg kom hit for å jobbe, som no har testa positivt.

  • Vedkomande har ingen symptom og er ikkje sjuk. Han har berre hatt nærkontakt med fire andre, som er kollegaene hans. Dei fire andre er også testa, og testane er negative.

  • Alle fem har vore i karantene sidan dei kom hit, og dei er no isolerte. 

17. august 2020

  • 143 personar vart testa i Ulstein i veke 33. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

11. august 2020

  • 85 personar vart testa i Ulstein i veke 32. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

3. august 2020

  • 32 personar vart testa i Ulstein i veke 31. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 
Juli 2020

Oppsummert: Ingen smitta i Ulstein i juli 2020.

 

27. juli 2020

  • 43 personar vart testa i Ulstein i veke 30. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

20. juli 2020

  • 43 personar vart testa i Ulstein i veke 29. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

13. juli 2020

  • 50 personar vart testa i Ulstein i veke 28. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

6. juli 2020

  • 36 personar vart testa i Ulstein i veke 27. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

3. juli 2020

  • 31 personar vart testa i Ulstein i perioden 22.–30. juni. Alle testsvara er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 
Juni 2020

Oppsumert: Ingen smitta i Ulstein i juni 2020.

 

17. juni 2020

  • Vi har fått svar på 14 testar som vart gjorde 15. juni. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

15. juni 2020

  • Vi har fått svar på 11 testar som vart gjorde 12. juni. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

12. juni 2020

  • Vi har fått svar på 21 testar som vart gjorde 10. juni. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

10. juni 2020

  • Vi har fått svar på ti testar som vart gjorde 8. juni. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

9. juni 2020

  • Vi har fått svar på åtte testar som vart gjorde 5. juni. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

4. juni 2020

  • Vi har fått svar på seks testar som vart gjorde 2. juni. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

  • Vi har fått svar på seks testar som vart gjorde 29. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

  • Vi har fått svar på ein test som vart gjort 27. mai. Den er også negativ.

Mai 2020

Oppsummert: Ingen smitte i Ulstein i mai 2020.

 

29. mai 2020

  • Vi har fått svar på 21 testar som vart gjorde 27. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

28. mai 2020

  • Vi har fått svar på åtte testar som vart gjorde 25. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

25. mai 2020

  • Vi har fått svar på åtte testar som vart gjorde 22. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

20. mai 2020

  • Vi har fått svar på 34 testar som vart gjorde 18. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

18. mai 2020

  • Vi har fått svar på 11 testar som vart gjorde 15. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

15. mai 2020

  • Vi har fått svar på 20 testar som vart gjorde 13. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

12. mai 2020

  • Vi har fått svar på sju testar som vart gjorde 11. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

11. mai 2020

  • Vi har fått svar på 14 testar som vart gjorde 8. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

8. mai 2020

  • Vi har fått svar på 17 testar som vart gjorde 6. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane.

6. mai 2020

  • Vi har fått svar på ni testar som vart gjorde 4. mai. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

4. mai 2020

  • Vi har fått svar på ni testar som vart gjorde 30. april. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 
April 2020

Oppsummert: To personar i Ulstein fekk påvist koronasmitte i april 2020.

 

30. april 2020

  • Vi har fått svar på 13 testar som vart gjorde 28. april. Alle er negative, det vil seie at det ikkje er påvist smitte blant dei testa personane. 

27. april 2020

  • Vi har fått svar på sju testar som vart gjorde 23. april, alle er negative. Det vil seie at personane ikkje er smitta av koronaviruset. 

23. april 2020

  • Vi har fått melding om at ein person som er folkeregistrert i Ulstein, er testa ein annan stad og har fått påvist koronasmitte. Vedkomande oppheld seg ikkje i Ulstein no og har ikkje vore her på fleire månader. 

  • Alle svara vi har fått på testar som er gjorde i Ulstein den siste veka, er negative. Det vil seie at personane ikkje er smitta av koronaviruset. 

16. april 2020

  • Det er gjort 13 testar dei siste tre dagane. Vi har fått svar på tre, og dei er negative, det vil seie at dei tre personane ikkje er smitta av koronaviruset.

  • To nye personar busette i Ulstein er friskmelde. Det inneber at alle dei ni som tidlegare har fått påvist viruset, no er friskmelde. 

14. april 2020

  • Vi har fått svar på fire testar som vart gjorde i påskehelga. Alle er negative, det vil seie at dei fire personane ikkje er smitta av koronaviruset.

  • Elles er to nye personar no friskmelde og ute av isolasjon. 

9. april 2020

  • Vi har fått svar på dei ni testane som vart tekne tidlegare i veka. Alle ni svara er negative, det vil seie at personane ikkje er smitta av koronaviruset. 

2. april 2020

  • Fire personar som tidlegare har hatt koronaviruset er no erklært friske og dermed ute av isolasjon.

  • Vi har elles fått svar på åtte nye testar. Dei er alle negative, det vil seie at personane ikkje er smitta av viruset. 

1. april 2020

  • Det er no påvist to nye smittetilfelle blant busette i Ulstein. Dei to nye tilfella er personar som er testa fordi dei har hatt nærkontakt med tidlegare smittetilfelle. Dei smitta er isolerte og personar dei har hatt nærkontakt med, er i karantene. 

  • Alle smittetilfelle vert spora for å finne smittekjelda. Det er rimeleg sikkert at kjeldene (utanlands og innanlands) er funne for smittetilfella i Ulstein, opplyser legetenesta. Til saman har fem tilsette i helse- og omsorgstenesta vår fått påvist smitte. Helsepersonell er blant gruppene det vert prioritert å teste. 140 personar er til no testa av legetenesta vår. 

Mars 2020

Oppsummert: 10 smitta i mars 2020

 

31. mars 2020

  • I dag har vi fått svar på 14 av 19 testar som vart gjorde måndag 30. mars. Blant desse er det ein positiv (smitta) og 13 negative testresultat (ikkje smitta). Vi ventar svar på dei siste fem i morgon. 

  • Blant dei 19 som vart testa 30. mars, var det 16 personar med tilknyting til tidlegare smittetilfelle. Tre av personane er i gruppene det elles vert prioritert å teste. 

30. mars 2020

  • Det er påvist eit nytt tilfelle av koronasmitte blant busette i Ulstein. Det er gjort smittesporing for å finne ut kvar kjelda til smitten er, men det er framleis ukjent kvar personen har vorte smitta. Den smitta personen er isolert og andre i husstanden er i karantene. 

27. mars 2020

  • I dag har det kome to nye positive svar (påvist smitte) på testar som er utførde ved Ulstein legesenter. Det gjeld ein person som er busett i Hareid og ein som er busett i Herøy

25. mars 2020

  • Det er no påvist to nye smittetilfelle blant testane som er gjorde i Ulstein. Dei to personane har fått smitten i Noreg, men det er førebels ukjent kvar og når dei vart smitta. Dei to arbeider i helse- og omsorgstenesta i Ulstein. Tilsette i helse- og omsorgstenesta er blant gruppene det vert prioritert å teste. 

  • Dei to personane er ikkje alvorleg sjuke. Dei har vore i karantene sidan dei vart sjuke og er no isolerte. Det er sett i verk tiltak overfor dei som har hatt nærkontakt med dei. Smitteverntiltaka i helse- og omsorgsetaten er no forsterka, mellom anna er dagtilbodet stengt inntil vidare og brukarane får anna hjelp. 

22. mars 2020

  • Det er no registrert eit nytt tilfelle av påvist smitte. Også dette gjeld ein yngre person. Vedkomande har vore i utlandet og har vore isolert etter heimkomsten. 

20. mars 2020

  • Det er eit nytt tilfelle av påvist smitte. Det er ein yngre person som har testa positivt. Vedkomande har vore i utlandet og har vore isolert etter heimkomsten. 

17. mars 2020

  • Tysdag 17. mars er dei to første smittetilfella i Ulstein påviste. Det er to yngre personar i same husstand som har testa positivt for koronaviruset. Dei har vore i utlandet saman. Dei har vore i heimekarantene og held fram med isolering i heimen. Dei er ikkje alvorleg sjuke. 

  • Dei positive testane kjem etter at vi 16. mars sende inn 24 prøver til analyse. Vi har fått svar på 21 av prøvene: 19 negative og altså 2 positive. 

 

Gå til sida med siste nytt og oppdatert informasjon til innbyggarane om koronaviruset