Heildigitaliserte feiarar

Heildigitaliserte feiarar

Live Gandborg, Marte Rewentlov Hansen og Ivan Brandal Janne-Marit Myklebust Eller, i alle fall nesten heildigitaliserte. Dei som jobbar førebyggjande kjem framleis på tilsyn, men med digitaliserte løysingar er det enklare å halde oversikta og enklare å planlegge for neste feie- og tilsynsbesøk.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Tidlegare kom varsel om feiing på ein papirlapp på inngangsdøra. No vert det varsla via SMS.

Sjekk om kontaktinformasjonen din er rett!

- Mange vil nok oppleve no at intervallet på feiinga vil gå noko ned, men dette er fordi vi no nyttar eit system som baserer seg på risiko. Det vil seie at dersom intervallet aukar, altså at det er lang tid mellom kvart besøk av feiar, er det fordi du har lågare risiko og ein trygg bustad. Så sjeldnare besøk er eigentleg skryt frå feiarane, seier Marte Rewentlov Hansen.

Det er ho og Ivan Brandal som er tilsette som feiarar i Ulstein kommune, og saman med Live Gandborg utgjer dei førebyggjande avdeling. Dei skal altså sjå til at ting er på stell, slik at innbyggjarane i Ulstein skal bu og leve så brannsikkert som mogleg.

- Men det er aldri slik at vi kjem og bankar på døra og bed om å få sleppe inn. Skal vi på tilsyn sender vi alltid ut SMS først. Og så må folk for all del hugse å ringe til oss også, om det er noko dei lurer på.

Flinke i Ulstein

Marte fortel at det er generelt lite pipebrannar i Ulstein.

- Mange fyrer mindre enn før, har reintbrennande eldstader og gode skorsteinar. Dette gir mindre sot i skorsteinen. Folk er flinke til å fyre!

Det er tre område dei har mest fokus på i det førebyggjande arbeidet: røykvarslarar, sløkking og rømingsvegar.

Dei siste åra har feiarane opplevd at dei har teke unødige risikoar med å gå ein del tak der det ikkje har vore behov for feiing. 

Illustrasjonsfoto 

- Å kunne gå når det faktisk er eit reelt behov, vil minimere risikoen for skade både på personell, men også på materiell. På denne måten utnyttar vi ressursane betre, seier Marte.

Feiarane håper at innbyggjarane vil oppleve dette som enklare. No får du varselet på telefon, kan svare på telefon, og vil få ein rapport på telefonen dersom det er noko som kan verte gjort for å auke brannsikkerheita.

- Men sjølv om vi no får ei full-digitalisert løysing for feie- og tilsynsarbeidet, må ikkje folk gløyme at dei kan ringe oss! 

Meisterbrev

Marte Rewentlov Hansen har elles nytta tida under koronapandemien godt, og fullført meisterbrev i feiarfaget. Meisterbrev er ei toårig utdanning etter sveinebrevet. Ho er no ein av tre i Møre og Romsdal som har denne kompetansen.

Ho starta som feiarlærling i Ulstein kommune.

- Eg synest det er kjekt at kommunen har satsa såpass på feiarvesenet med tanke på kvalitet og kompetanse, at eg bestemte meg for å gå "heile" vegen og ta meisterbrevet. For meg er det viktig at feiarvesenet har god fagleg kompetanse, slik at vi i dialog med huseigarar kan finne gode og brannsikre løysingar.