- Ein stor dag for alle!

- Ein stor dag for alle!

Fjerdeklasse fekk æra av å stå for den offisielle snorklippinga då nye Ulsteinvik barneskule vart feira 22. oktober. Janne-Marit Myklebust For seks år sidan var nye Ulsteinvik barneskule berre ein idé. No står han klar til å huse generasjonar av elevar i åra framover.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Det er 2.- 3.- og 4. trinn som har fått klasserom i det nye skulebygget. Dei bidrog i den offisielle markeringa då skulen vart feira 22. oktober. Fjerdeklasse fekk det ærefulle oppdraget å vere snorklipparar, tredjeklasse og andreklasse stod for dei musikalske innslaga.

- Eg er så nøgd og så glad at eg nesten vert rørt! helsa kommunalsjef for oppvekst og kultur, Gry Nordal, under opninga.

Ho takka alle som har vore involvert - frå skisse til ferdig skulebygg. 

Ulsteinvik barneskule tel om lag 450 elevar, og den nye skulen er dimensjonert for å kunne huse 225 av desse, i tillegg til administrasjonen. Skulen har 65 tilsette.

Rektor Karen Strand, skulesjef Vegard Sæter Gurskevik og kommunalsjef Gry Nordal. Janne-Marit Myklebust  

- Det merkast utruleg godt at halvparten av elevane er vekke frå det eine bygget. No får dei elevane som er att der plass til jakkene sine, sekkane sine, og dei har tilgang til fleire rom. Dette gjer at alle elevane ved Ulsteinvik barneskule no får eit betre læringsmiljø enn det dei er van med, sa Nordal.

- Ein stor dag for oss alle, og særleg de elevar og tilsette ved Ulsteinvik barneskule, helsa ordførar Knut Erik Engh under opninga. 

Også rektor Karen Strand var full av lovord. 

- Dette betyr mykje for oss alle her ved Ulsteinvik barneskule. No har vi god plass på heile skulen. Dette vil gjere skuledagane betre.

- Å vere så mange i lag betyr at vi må ta omsyn til kvarandre. Vi må passe på at alle har det godt, og det er vi flinke til her. Det er eg særleg stolt av, rosa Strand, som også takka alle som har vore med på å bidra til å realisere nye Ulsteinvik barneskule.

Tredjeklasse song etter sola, og klarte å jage vekk dei verste regnbygene. Janne-Marit Myklebust  - Ein skule som er bygd for elevane. Her er god plass til å lære og vere trygge og god plass til leik, sa skulesjef Vegard Sæter Gurskevik, som også er tidlegare rektor ved skulen.

- Ver glad i skulen dykkar, og sørg for at han vil vere like fin for dei som kjem etter! Gratulerer! 

Om skulen

Byggherre er Ulstein Eigedomsselskap KF, og Sporstøl Arkitekter har vore arkitekt på oppdraget. HS Rise bygg har hatt totalentreprisen. Skulen har ein prislapp på 75 millionar kroner, og skulen er bygd innanfor budsjett.

Totalt areal er på om lag 2430 kvm, med eit utvendig leikeareal på 450 kvadratmeter. Inkludert i prosjektkostnaden er også ei mindre oppgradering av den gamle barneskulen frå 1996.

Nye Ulsteinvik barneskule. Janne-Marit Myklebust