Digitale valkort i Ulstein

Klikk for stort bilete Valdirektoratet I år får dei fleste veljarane i Ulstein ein SMS med lenke til valkortet sitt. Med valkortet på mobilen har du det lett tilgjengeleg når du skal røyste. 

 
Hovuddelen av veljarane våre får valkortet for kommunestyre- og fylkestingsvalet digitalt i staden for på papir i postkassa.

Ulstein er ein av 18 kommunar i landet som er med på eit forsøk med digitale valkort. 

 

Nokon får framleis valkortet på papir

Har du reservert deg mot digital kommunikasjon med det offentlege, eller ikkje har brukt ID-porten på 18 månader, får du valkortet tilsendt på papir. 

 

Lenke til valkortet

I byrjinga av august får du ein SMS med lenke til valkortet. Lenka viser til den digitale postkassa di dersom du brukar Digipost eller e-Boks. Dersom du ikkje har digital postkasse får du valkortet ditt på ei personleg side på valg.no. 

 

Slik brukar du valkortet

  • Når du får SMS-en og opnar lenka, kjem du til ID-porten.
  • Du loggar deg på ID-porten slik du vanlegvis gjer.
  • Når du er logga på kjem du automatisk til valkortet ditt.
  • Det er lurt å ha valkortet klart når du kjem for å røyste. 
  • Du kan enten ta eit skjermbilde av valkortet på førehand, eller logge deg på når du kjem til røystelokalet. 
  • Dersom du tar skjermbilde av valkortet er det viktig at du får med strekkoden på valkortet. 

 

Ikkje krav om valkort

Merk at du ikkje treng å ha valkortet med deg for å røyste, men det sparar deg for tid. Hugs å ha med legitimasjon med namn, fødselsdato og bilde. 

 

Forsøk

Ulstein deltek i eit forsøk med digital utsending av valkort. Valdirektoratet har ansvar for forsøket.

Totalt 18 kommunar rundt om i landet deltek i forsøket, og rundt 550 000 veljarar får valkortet digitalt. Målet er å sjå på nye måtar å sende valkortet på, for å gjere det lettare for veljarane å bruke valkortet. I tillegg fører digitale valkort til mindre bruk av papir og reduserte kostnadar. 

 

Bruk røysteretten  

Valdagen er måndag 9. september. Grip gjerne sjansen til å røyste på førehand

 

Spørsmål?

Har du spørsmål om valkortet ditt?

Ring Valdirektoratet på tlf. 334 12 940 eller send e-post til post@valg.no.