17. mai i Ulstein

17. mai i Ulstein

17. mai, flaggdag, kommuneskilt - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Har du tankar og idear om korleis vi kan markere nasjonaldagen vår på best mogleg måte - på koronavis, vil vi gjerne høyre frå deg!

17. mai 2021 ser ut til å verte mykje lik 17. mai 2020 med ei nedtona markering av årets største festdag. Det vert no jobba med nasjonale råd for årets feiring, men det er ikkje tvil om at koronapandemien også i år vil sette sitt preg på markeringa.

Ulstein kommune er representert i den «nasjonale komiteen» for 17. mai. Vi skal ha møte med kulturministeren i neste veke. I samband med dette har vi fått spørsmål om å dele erfaringar frå i fjor og ev. andre innspel til arbeidet.

Vi håper difor at alle som var med på arbeidet i Ulstein i fjor, kan sende nokre linjer om kva de opplevde som nyttig, vellykka, mindre vellykka, utfordringar og anna.

Og sit folk elles inne med idear, tankar og tilbakemeldingar om vår nasjonale festdag, vert vi glade for å høyre frå deg!

Frist for innspel er onsdag 14. april.

Kontakt

Annika Brandal
kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 40 84 09 00