Beredskap

Denne sida vert teken i bruk ved ei eventuell større krise, som til dømes naturkatastrofe og større ulykker. Sida vil då fungere som hovudside og vil verte kontinuerleg oppdatert med viktig informasjon om hendinga.

 
I akutte situasjonar skal ein ringe dei vanlege alarmtelefonane:


​Brann: ​110
​Politi: ​112
​Lege: ​113

Treng du å kontakte kriseleiinga kan du ringe

ordførar Knut Erik Engh tlf. 957 66 692

rådmann Verner Larsen tlf. 982 30 601

 

Ulstein skal vere ein trygg kommune å bu i. Kommunen skal førebygge kriser og uønskte hendingar gjennom å ta beredskapsmessige omsyn ved kommunal planlegging, utbygging og drift. Når uønskte hendingar likevel oppstår, skal kommunen vere i stand til å takle dei på ein god måte.

Kriseleiinga i Ulstein kommune er kommunen sitt operative styringsorgan for å handtere samfunnsmessige alvorlege og uforutsette hendingar som større ulykker, skred, sterk vind, flaum, flodbølgjer m.m.

Kriseleiinga er samansett av:

  • Ordførar
  • Varaordførar
  • Rådmann
  • Ass. rådmann
  • Kommunalsjef for teknisk
  • Kommunalsjef for oppvekst og kultur
  • Kommunalsjef for helse og omsorg
  • Kommuneoverlege
  • Beredskapskoordinator
  • Kommunikasjonsleiar
  • IT
  • Lensmannen i Ulstein og Hareid

Ordføraren har det overordna ansvaret og er leiar i kriseleiinga. Han er kommunen sitt ansikt utad i ein krisesituasjon.

Beredskapskoordinator er Anita Sundnes. Dersom du har spørsmål om beredskapsplanar, organiseringa av beredskapsarbeidet m.m., send gjerne ein mail til anita.sundnes@ulstein.kommune.no

Publisert av Anita Sundnes Beredskapskoordinator. Sist endra 25.10.2016
Fann du det du leita etter?
Login for redigering