Eigedomsskatt i Ulstein

Bebyggelse oppover mot Varleite i Ulsteinvik - Klikk for stort bilete

I juni sende vi ut brev om kva du skal betale i eigedomsskatt. Klagefristen var 15. august. Sjølve rekninga vert fordelt på to terminar og kjem i haust.

Når skal eg betale?

Eigedomsskatten skal betalast i to omgangar (terminar): rundt månadsskifta august/september og november/desember. Du vil dermed få to rekningar i posten. I slutten av juni sende vi dessutan ut eit brev (skattesetelen) der det står kva du skal betale i eigedomsskatt.

 

Kva omfattar eigedomsskatten?

Ulstein kommunestyre vedtok 28. desember 2017 å innføre eigedomsskatt for 2018. Skatten gjeld faste eigedomar i heile kommunen, unnateke såkalla verk og bruk og annan næringseigedom. Alle bustad- og fritidseigedomar (også våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom er omfatta. Tomter regulert til næring er ikkje omfatta. Eigedomsskatten i Ulstein har ikkje botnfrådrag.

 

Korleis vert skatten rekna ut?

Skattesatsen er 2 promille av bustadverdien. Kommunestyret har vedteke at grunnlaget for eigedomsskatten skal vere bustadverdiane i registeret «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» frå skatteetaten.

 

Kva når bustadverdien manglar?

For nokre bygg og eigedomar manglar det ein bustadverdi frå skatteetaten. Typisk vil det gjelde våningshus, hytter, naust, garasjar og tomteareal – og eigedomar som er ferdigstilte etter utgangen av 2016. Skattetakstnemnda i Ulstein har våren 2018 taksert verdien av desse bygga og eigedomane. Nemnda vart vald av kommunestyret. Taksten gjeld i ti år.

 

Kva om der er fleire eigarar?

Der det er registrert fleire eigarar, er det berre éin som vert eigarrepresentant og får skattesetelen og rekningane. Om du meiner at det er ført feil eigarrepresentant på ein eigedom, kan du ta kontakt med kommunen. Sjå kontaktinformasjonen nedanfor.

 

Korleis kan eg klage?

Du kan klage på taksten for eigedomen din. Legg merke til at du må sende klagen til den som har fastsett taksten. Skattesetelen du har fått tilsendt, fortel kven som har fastsett taksten.

  • Viss du vil klage på ein takst som skattetakstnemnda i Ulstein har fastsett, kan du klage til kommunen. Klagen vert då først handsama av skattetakstnemnda. Viss nemnda ikkje tek klagen til følge, vert han sendt vidare til klagenemnda. Send brev eller e-post, adressene finn du nedst på denne sida.
  • Viss du vil klage på ein takst som er fastsett ut frå bustadverdien frå skatteetaten, må du ta kontakt med skatteetaten. Sjå www.skatteetaten.no/bolig eller ring tlf. 800 80 000.

Klagen må vere skriftleg. Merk klagen med gards- og bruksnummer, eventuelt også feste- og seksjonsnummer. Gi opp telefonnummeret ditt. Fristen for å klage var 15. august 2018.

  

Kan ein få fritak for eigedomsskatt?

Fristen for å søke om fritak i 2018 var 15. februar. Ein kan søke om fritak for eigedomsskatt for

  • «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten» og/eller
  • «bygning som har historisk verde». 

 

Meir informasjon

 

Kontaktinformasjon

Postadresse:
Ulstein kommune
Eigedomsskattekontoret
Postboks 143
6067 Ulsteinvik

E-post:
postmottak@ulstein.kommune.no



 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 20.09.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering