PPT - Pedagogisk Psykologisk Teneste

Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda - Klikk for stort bileteHareid, Ulstein, Ørsta og Volda

Hareid, Ulstein, Ørsta og Volda har felles Pedagogisk Psykologisk Teneste

PPT
E-post ppt@ulstein.kommune.no
Besøksadresse:

3.etasje Blåhuset, Vikemyra 1, 6065 Ulsteinvik

Postadresse: Postboks 200, 6067 Ulsteinvik
Telefon: 70 01 75 00 (telefontid kl. 9-15)

 

Tilsette ved PPT

Samarbeidet er eit administrativt vertskommunesamarbeid og tenesta er lokalisert i Ulstein (på Blåhuset). Ulstein er vertskommune, Volda, Ørsta og Hareid er samarbeidskommunar.

Ingrid Evebø Haug er leiar for det regionale PPT-kontoret og tenesta er underlagt kommunalsjef for oppvekst i Ulstein.

PPT kontoret er samansett av rådgjevarar med ulik utdanning og røynsle. Grunnutdanning er barnevernspedagog, logoped, førskulelærarar og lærarar med vidareutdanning i spesialpedagogikk. For å kunne gi så god hjelp som råd er, prøver vi i kvart enkelt høve å finne den rådgjevaren som har rettast og best kompetanse på den aktuelle saka.

 

Interkommunalt PPT: Hareid – Ulstein – Volda - Ørsta

PPT skal vere ei tydelig og kompetent teneste som skal arbeide førebyggande, kome tidleg inn og bidra til heilskap og samanheng. PPT skal vere på overordna nivå og skal i all hovudsak bistå leiinga i skular og barnehagar med kompetanseheving og organisasjonsutvikling. Dette for å heve kompetansen i det ordinære tilbodet og såleis legge til rette for tilpassa, inkluderande og likeverdig opplæring for alle. Dette arbeidet vil kunne hindre at barn og elevar vil trenge spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning.

Organisasjonsutvikling kan handle om at PPT bistår skular og barnehagar med endringsarbeid som går over fleire år t.d det å leie og drive eit utviklingsarbeid. For at dei vaksne skal utvikle seg til gode leiarar (autoritativ leiing), må ein arbeide systematisk og langsiktig. Først og fremst må ein arbeid med verdigrunnlag, haldningar, menneskesyn, læring, leik, sosial og emosjonell kompetanse. Dette for å skape eit miljø der alle skal høyre til, trivast og lære ut i frå eigne føresetnadar og behov. Meistring og motivasjon er sentralt.

Kompetanseheving kan handle om kurspakkar med innhald som til dømes:

  • Korleis førebygge, avdekke og handtere mobbing
  • Utvikle trygge og inkluderande læringsmiljø
  • Korleis sikre tilpassa, likeverdig og inkludere opplæring for elevar med ulike typar diagnose t.d ADHD, Autisme eller Spesifikke språkvanskar
  • Korleis legge til rette for matematikkmeistring for alle
  • Korleis førebygge språkvanskar, lese og skrivevanskar

PPT skal arbeide forskings og kunnskapsbasert. PPT er kommunen sin rådgjevande, sakkunnige instans som og skal skrive sakkyndig vurdering der lova krev det. Til dømes ved framskut og utsett skulestart, heilt eller delvis fritak frå opplæringsplikta og for elevar som treng spesialundervisning eller spesialpedagogisk hjelp. PPT har og ansvar for vidaregåande opplæring, lærlingar, lærekandidatar og vaksenopplæring.

Føresette, unge og vaksne kan ta direkte kontakt med PPT. Det vanlegaste er likevel å ta kontakt i samabeid med barnehage, skule eller ein annan instans. Desse instansane kan berre kontakte PPT dersom personen sjølv eller føresette gir skriftleg samtykke.

Kvar kommune skal ha ei pedaogisk-psykologisk teneste, som kan organiserast i samarbeid med andre kommunar. Tenesta er heimla i opplæringslova kapittel 5 og skal hjelpe skulen i arbeidet med kompetanseutvikling og organisasjonsutvkling for å leggje opplæringa betre til rette for elevar med særlege behov.

Den pedagogisk-psykologiske tenesta skal sørgje for at det vert utarbeidd sakkunning vurdering der lova krev det.    

Kart
Pedagogisk-psykologisk teneste
Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 03.10.2017
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Ingrid Evebø Haug Ingrid Evebø Haug Leiar PPT
948 84 062
@ Ingrid Evebø Haug
Eksterne lenker (1)
Login for redigering