Eigedomsskatt

Bebyggelse oppover mot Varleite i Ulsteinvik - Klikk for stort bilete

Ulstein kommunestyre vedtok 28. desember 2017 å innføre eigedomsskatt i kommunen.

Kva er omfatta av eigedomsskatten?

Eigedomsskatten er vedteken for 2018 og gjeld faste eigedomar i heile kommunen, unnateke verk og bruk og annan næringseigedom. Alle bustadeigedomar og fritidseigedomar (her under våningshus, garasjar og naust) og ubygd grunneigedom (ikkje tomter regulert til næring) har skatteplikt.

 

Kva likningstal vert lagde til grunn?

Kommunestyret har vedteke at ein skal nytte siste tilgjengelege tal frå Skattedirektoratet sitt register for «Formuegrunnlag for likning av bustader i Ulstein kommune» som grunnlag for eigedomsskatten. For 2018 vert skattesatsen sett til 2 promille av eigedomsskattegrunnlaget. Det er vedteke at eigedomsskatten i Ulstein ikkje har botnfrådrag.

 

Kva høve til fritak finst?

Ein kan søke kommunestyret om fritak for eigedomsskatt for

  • «eigedom åt stiftingar eller institusjonar som tek sikte på å gagne ein kommune, eit fylke eller staten» og/eller
  • «bygning som har historisk verde». 

Dette er heimla i eigedomsskattelova § 7 punkt a og b. Send søknad til eigedomsskattekontoret i Ulstein kommune, postboks 143, 6067 Ulsteinvik. Eller send e-post til postmottak@ulstein.kommune.no. Søknadsfristen er 15. februar 2018.

 

Kor ofte – og når – skal skatten betalast?

Eigedomsskatten forfell til betaling over to terminar. Første fakturaen i 2018 vert sendt ut innan utgangen av juni.

 

Meir informasjon

 

 

 

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 02.02.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering