Borgarleg vigsel i Ulstein

Brudepar - Klikk for stort bilete John Finan

Par som skal gifte seg, er frå 1. januar 2018 velkomne til å få borgarleg vigsel i Ulstein kommune. Her finn du svar på kva ordninga inneber.

Kven kan bli vigsla borgarleg i Ulstein?

Brudefolka, det vil seie dei to som skal gifte seg, må oppfylle vilkåra ekteskapslova set for å inngå ekteskap. Personar som ikkje er busette i Noreg, men som oppfyller vilkåra i ekteskapslova, kan også bli vigsla i Ulstein.

 

Kven utfører vigselen?

I Ulstein kommune er det ordføraren og varaordføraren som har rett til å vigsle.

 

Kor og når kan vigselen skje?

Vigsel skjer etter avtale på Ulstein rådhus mellom kl. 8 og 16 på kvardagar. Ordførarkontoret eller kommunestyresalen kan nyttast. Det er også mogleg å bli vigsla av ordføraren/varaordføraren andre stader. Då må brudefolka sjølve sørge for eit lokale der vigselen kan gå føre seg i verdige rammer. Vigsel utanom kontortida må avtalast spesielt.

 

Kostar det noko å bli vigsla hos kommunen?

Det er gratis å bli vigsla på Ulstein rådhus. Viss ein vil ha vigselen ein annan stad, må brudefolka sjølve dekke eventuell leige av lokale og reise- og opphaldsutgifter for ordføraren/varaordføraren.

 

Korleis skal vi gå fram dersom vi vil ha borgarleg vigsel?

Før ekteskap kan inngås, skal det skje ei prøving av om ekteskapsvilkåra etter ekteskapslova er oppfylt. Denne prøvinga blir foretatt av folkeregistermyndigheita og skjer ved Skatteetaten.

Skjemaet "Erklæring fra brudefolkene før prøving av ekteskapsvilkårene" må fyllast ut og leverast til det lokale skattekontoret.

Kvar av brudefolka skal stille med ein forlovar. Forlovarane må vere myndige og det må vere ein person som kjenner deg. Forlovarane skal fylle ut ei forlovarerklæring, som skal leggast fram i forbindelse med prøving av om ekteskapsvilkåra er oppfylt.

Dersom de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap vil Skatteetaten skrive ut ein såkalla prøvingsattest.

Dersom de ønskjer å bli vigsla i Ulstein kommune skal de sende søknadsskjemaet "Kommunal vielse - registrering", med vedlagt kopi av gyldig prøvingsattest til postmottak@ulstein.kommune.no

Kommunen tek så kontakt med dykk for nærmare avtalar.

 

Korleis går vigselen føre seg?

I tillegg til brudefolka, skal det under vigselen vere to andre personar til stades som vitne. Det kan vere forlovarane eller to andre myndige personar.

Det vert sett av om lag 15 minutt til ein vigsel. Av dette brukar ordføraren/varaordføraren om lag 5 minutt på å lese høgt eit vigselsformular som er obligatorisk og likt i alle kommunar. Formularet ender slik: «Sidan de no med vitne til stades har lova kvarandre å leva saman i ekteskap, sannar eg at de er rette ektefolk.»

Ordføraren/varaordføraren, brudefolka og vitna skriv så under vigselsmeldinga, som er ein del av prøvingsattesten frå folkeregisteret. Etter dette kan brudefolka disponere om lag 10 minutt til f.eks. song, musikk, utveksling av ringar, tekstlesing eller liknande – dersom dei ønsker det. Desse aktivitetane er det brudefolka sjølve som må organisere.

 

Kva språk kan nyttast under vigselen?

Vigselen kan gå føre seg på norsk og engelsk. Dersom brudefolka ikkje forstår desse språka, må dei sjølve ordne med kvalifisert tolk for eiga rekning.

 

Kva må ein ha med til vigselen?

Brudefolka må ha med gyldig legitimasjon til vigselen.

 

Kva skjer etter vigselen?

Når vigselen er over vil brudeparet få med seg ein stadfesta kopi av vigselsmeldinga. Denne gjeld som mellombels vigselsattest. Kommunen sender vigselsmeldinga til Skatteetaten, som utstedar endeleg vigselsattest. Den endelege vigselsattesten får brudefolka tilsendt frå folkeregisteret / Skattekontoret. 

Ver klar over at dersom de skal endre namn som resultat av vigselen, så må brudefolka endre dette sjølv. Søknad om endring av namn finn de på Skatteetaten sine sider. Om du har endra namn og skal på bryllaupsreise i utlandet, sørg for at namnet stemmer overeins med namnet på billetten.

Treng du nytt pass? - Ta kontakt med politiet i ditt distrikt.

 

Korfor vert dette tilbodet innført no?

Tidlegare kunne ein bli vigsla borgarleg hos domstolane. Dette ansvaret vart flytta til kommunane etter at Stortinget endra ekteskapslova i 2017. Borgarleg vigsel i kommunane gjeld frå 1.1.2018.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 19.02.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Servicetorget Sentralbord
70 01 75 00
Søknadsskjema (1)
Login for redigering