Avviser krav frå prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena

Ulstein Arena - Klikk for stort bilete

 

Ulstein kommune avviser at prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har krav på betaling ut over det avtalte budsjettet. Kommunen krev delar av honoraret tilbakebetalt og fremjar motkrav som overstig kravet frå prosjekteringsgruppa.

 

I februar vart Ulstein kommune stemna av prosjekteringsgruppa «Next Level». Bakgrunnen for stemninga var ein tvist om storleiken på rådgjevarhonorar. Gruppa hadde ansvaret for detaljprosjekteringa og prosjektoppfølginga då Ulstein Arena vart bygd. 

 

I dag, 5. mars, har Ulstein kommune sendt sitt tilsvar og motkrav til Sunnmøre tingrett. I tilsvaret skriv kommunen at honorarkravet frå prosjekteringsgruppa er grunnlaust og at kommunen må frifinnast.

 

Grunnlaget for at kommunen går imot honorarkravet, er:

1   Prosjekteringsgruppa varsla ikkje om dei økonomiske overskridingane slik kontrakten føreset.

2   Prosjekteringsgruppa krev honorar for arbeid som ikkje var avtalt, utbetring av eigne feil, brot på omsorgsplikta overfor kommunen og/eller irrasjonell drift.

3   Ulstein kommune har motkrav mot prosjekteringsgruppa som overstig deira honorarkrav.

 

Motkravet frå Ulstein kommune til prosjekteringsgruppa gjeld:

1   krav om tilbakebetaling av grunnlaust honorar

2   krav som følgje av prosjekteringsfeil

3   krav som følgje av forseinkingar i prosjektet

4   krav om dekking av meirkostnader til administrasjon og oppfølging for byggeleiaren og byggherren (Ulstein kommune) som følgje av forseinkingar og prosjekteringsfeil, brot på omsorgsplikt og/eller irrasjonell drift 

 

Ulstein kommune vil lage ein offentleg versjon av tilsvaret.

 

Pressekontakt: styreleiar i Ulstein eigedomsselskap KF, Roy Henning Haddal, tlf. 982 87 842


 
  

Publisert av Svein Arne Orvik. Sist endra 15.05.2018
Fann du det du leita etter?
Login for redigering