Meld feil på gatelys

Lys i Bjørndalsvegen  - Klikk for stort bilete

 

Mørenett si nettside kan du mellom anna melde frå om feil på gatelys.

Mørenett driftar over 30 000 gatelys på oppdrag frå kommunane på Sunnmøre og Nordfjord. Det er utvikla ei teneste - eit kart - med kommunevis oversikt over alle gatelysa i Mørenett sitt område. I dette kartet kan du melde inn feil om gatelys / veglys knytta til område og gateadresse. Du ser også om det er meldt om feil på same gatelys tidlegare og status for feilretting. Kartet vert oppdatert fortløpande.

Meld inn feil her

 

Ved feil på veglys som blir drifta av Statens Vegvesen, melder ein om dette til telefon 175.

Feil på lys i burettslag, idrettsanlegg etc. meldast til respektive eigarar.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 01.11.2017
Fann du det du leita etter?
Login for redigering