Strøsand til eldre

Strøsand - Klikk for stort bilete

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ulstein frivilligsentral delar ut strøsand til eldre over 75 år.

På fjerde året delar Ulstein frivilligsentral ut strøsandboks og ein 10 liters sandsekk til eldre over 75 år, - eit førebyggjande tiltak som skal bidra til å redusere risikoen for fallulykker, samtidig som ein ynskjer å senke terskelen for å kome seg ut i vinterhalvåret.

Fallulykker er ei vesentlig årsak til beinbrot, og eldre er særleg utsett for slike ulykker. Fallulykker er årsak til om lag 10 000 hofteleddsbrot i året hjå personar over 65 år. Om vinteren når det er snø og glatt ute, kan somme kvi seg for å gå ut, av frykt for å falle. Med strøsandboksane kan dei eldre enkelt strø til dømes ved inngangsdøra si. Dette kan vere det som skal til for at dei skal kjenne seg trygge nok til å gå ut, enten det er til postkassa, på ein lengre tur, eller til sosiale aktivitetar og møteplassar. Strøsandboksane er ikkje særleg tunge, og egnar seg godt til å strø på mindre områder.

Ulstein frivilligsentral leverer ut strøsand mellom kl. 10 og 14. Dei held til i Skollebakken Aktivitetshus (Skollebakken 6). Du kan også gjere avtale med Inger Anne Dimmen, leiar Ulstein frivilligsentral, på telefonnr. 982 30 613.

Publisert av Kari Marie Øvrebøe. Sist endra 15.03.2018
Fann du det du leita etter?

Kontaktpersonar

Inger Anne  Dimmen Inger Anne Dimmen Dagleg leiar
982 30 613
@ Inger Anne Dimmen
Login for redigering