– Vis mot og bry deg om andre!

Klikk for stort bileteKarsten Warholm er MOT-ambassadør i Ulstein og oppmodar alle om å bli med på MOT til å glede-dagen.Sprei glede rundt deg! Det er bodskapen på den nasjonale MOT til å glede-dagen 22. november. Ulstein ungdomsskule startar markeringa allereie torsdag 21. november. 

  
Ulstein er ein av kommunane som er «Lokalsamfunn med MOT». Ungdomsskulen vår er MOT-partnar og driv MOT-programma «Robust Ungdom», «Ung MOTivator» og «Skulen som samfunnsbyggar». 

 

Raus gåve

Elevar og tilsette ved ungdomsskulen blir torsdag tatt godt imot på morgonen med smil, noko søtt og små lappar med ulike tips og oppmodingar for å bidra til å lage ein god MOT til å glede-dag.

Alle ved skulen får også ei flott gåve frå ungdomsskulen i år. MOT-rektor Leon Romestrand seier at gåva er ei påminning om at vi alle er ein del av MOT-laget ved skulen og i kommunen.

Unge MOTivatorar på 10. trinnet vil lage ei hyggeleg stund saman med 8. klassingane som blir samla i sine klasser frå barneskulen. Dagen blir avslutta i aulaen der alle er med på BLIMe-dansen og får ei kjekk videohelsing frå MOT-ambassadør Karsten Warholm

 

Vis takksemd

I helsinga seier Warholm noko om det viktigaste stikkordet for MOT til å glede-dagen: Tenk enkelt! Det kan vere alt fra å sende ei hyggeleg tekstmelding til foreldra dine, lage vaflar til ein god klassekamerat, gi ei ekstra merksemd til bussjåføren som køyrer trygt til skulen kvar dag, eller seie takk til naboen som hentar posten når du er vekkreist.

Det trenger ikkje kreve meir enn det. Vis takksemd, ver raus med kompliment og ros. Men husk også å vere raus med deg sjølv. Når var sist du gleda deg sjølv med noko hyggeleg? Når var sist du sa noko fint til deg sjjølv? Dagen i dag handlar også om å ta vare på seg sjølv, for å kunne ta vare på andre. 

 

Utanfor komfortsonen

MOT handlar om at nøkkelen til eit varmare og tryggare samfunn er robuste ungdommar som inkluderer alle. MOT oppmodar difor til å ha ekstra fokus på å sørge for at alle er inkluderte ved å kanskje gå litt utanfor komfortsonen. 

Det enklaste er kanskje å glede bestevennen eller eit familiemedlem, men vi vil oppmode alle til å tenke litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-dag. Kjenner du nokon som sitter aleine og som ikkje har eit så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal huske på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gi eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som trenger det. Det kan kreve litt ekstra mot, men glede smittar og verdien til saman blir veldig stor.  

 

Feiring fleire dagar

I Ulstein – lokalsamfunn med MOT held vi fram med MOT til å glede også dei neste dagane. Kanskje treffer du ungdommar som spreier glede i sentrum. Ved Bell Ungdomsklubb er det markering og aktivitetar fredagskvelden, for ungdom frå 8. klasse til 18 år. Over helga blir det også MOT til å glede-feiring og aktivitetar på MOT-klubb for 6. og 7. klassingane i kommunen.

Kontakt

Marie Flatin
ungdomsarbeidar/MOT-koordinator- og coach
E-post
Mobil 913 63 818