– Vil inspirere oss for alltid

Bysta av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik  - Klikk for stort bileteBysta av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik Svein Arne Orvik Ulstein kommune har med sorg motteke meldinga om at motstandsmann, journalist og krigshistorikar Ragnar Ulstein er død. 

Under andre verdskrigen var Ulstein blant dei første som gjekk inn i Kompani Linge. I tiåra etter krigen gjorde han ein ruvande innsats ved å formidle motstandskampen og krigsopplevingane til svært mange nordmenn, også frå heimbygda.

Vi er djupt takksame for livsverket til Ragnar Ulstein. I dag minnest vi orda dåverande forsvarsminister Ine Marie Eriksen Søreide sa til Ragnar Ulstein i 2016 då bysta av han vart avduka i Ulsteinvik:

«Du er ein bauta! Det brann i deg ein eld som ingen skulle få sløkke. Ei urokkeleg tru på dei verdiane vi i dag har tufta samfunnet vårt på: fridom, demokrati, toleranse og menneskeverd. Noko av det som imponerer meg mest, er korleis du – då krigen var over og hemntankane sterke – reiste deg opp av okkupasjonens oske og tok avstand frå gjengjelding og dårleg behandling av tyskarane. Fordi slikt var i strid med verdiane til demokratiet.»

Det glødande engasjementet for fred og fridom prega Ragnar Ulstein heilt til det siste og vil inspirere oss for alltid.

Knut Erik Engh, ordførar i Ulstein