Vil du vere med på å utvikle reiselivet på Ytre Søre?

Klikk for stort bileteBorgarøya – ei perle i Ulstein-skjergarden. Per Eide Vi vil ha med reiselivsbedrifter, kulturnæringa, gründerar og personar som vil starte kommersiell reiselivsverksemd til verkstadsamling for  å utvikle og forbetre reiselivet i regionen.

  
Destinasjon Ålesund & Sunnmøre, Møre og Romsdal fylkeskommune samt kommunane på Ytre Søre, inviterer til første av i alt fire verkstadsamlingar, med målsetjing å utvikle og forbetre så mange opplevingsprodukt som mogleg i regionen vår. Arrangementet passar for reiselivsbedrifter, kulturnæringa, gründerar og personar som vil starta kommersiell reiselivsverksemd.

 

Skape nye aktivitetar

Reiselivsprosjektet skal knyte aktørar med felles interesser saman. Det skal skape nye aktivitetar og opplevingar for besøkande i kommunane og helst på tvers av kommunegrensene. Eit mål for prosjektet er at tilboda og attraksjonane ikkje berre vert utvikla for tilreisande, men også for lokalbefolkninga. Noko som kan være med på å gjere lokalsamfunna meir attraktive. Meininga er at ein god stad å bu og arbeide også er ein god stad å vere gjest.

  

Produktutvikling

Innhaldet i verkstadsamlingane er produktutvikling, pakketering og attraksjonsutvikling. I dette inngår korleis vi set riktig pris, korleis vi handterer mva., distribusjon og sal av produkta. 

Om du representerer ei reiselivsbedrift eller ein kulturorganisasjon som vil utvikla fleire opplevingar og nye tenester, eller du allereie har fleire opplevingar du vil selja saman med andre for å løfte eiga attraksjonskraft, passar verkstadsamlingane for deg. Tilsvarande om du er gründer eller på tur inn i opplevingsnæringa.

Dei fire verkstadsamlingane byggjer på kvarandre i eit utviklingsløp og du må difor rekne med å delta på alle.

  

Påmelding til første verkstadsamling

Tid: 4. februar kl. 15–20

Stad: Runde Miljøsenter

Påmeldingsfrist: tysdag 28. januar

Klikk her for å melde deg på.

Program:

15.00  Velkommen, hensikt og presentasjonsrunde

15.15  Gjennomgang av resultat frå kartlegginga

15.40  Etterspørsel i marknadene relatert til regionen

16.15  Slik lagar vi nye pakkar og produkt, og finn riktig pris for det vi leverer

16.45  Mat-pause

17.30  Vi utviklarar nye pakkar og produkt saman

19.00  Oppsummering og gjennomgang av heimelekse

19.45  Avslutning og heimreise

 

Nye samlingar i mars og april

Dei påfølgande verkstadsamlingane vert arrangerte 4. mars, 19. mars og 16. april. Vi kjem tilbake med nærare informasjon. 

 

Kontakt 

Skulle noko være uklart eller om har spørsmål, er det berre å ta kontakt med

Audun Hopland, prosjektleiar, tlf. audun.hopland@ulstein.kommune.no

Tom Anker Skrede, reiselivssjef, tom.skrede@visitalesund.com