Viktig informasjon om efaktura

Klikk for stort bilete Pexels Dersom du har sagt ja til at banken din automatisk skal opprette efaktura, må du passe på viss du betalar reikningar for andre. 

Vår leverandør av økonomisystem, Evry,  gjer merksam på at dette: Etter at bankane har innført ein funksjon som heiter «Ja takk til alle» og automatisk avtalefangst av efaktura, kan ein risikere å få efaktura på andre sine reikningar.

Viss du har sagt ja til desse tilboda og betaler ei reikning for ein annan person, til dømes kommunale avgifter, vil ikkje banken ta omsyn til at det står eit anna namn på giroen. Då vil det automatisk bli oppretta ein efaktura-avtale mellom deg og den som står bak fakturaen.

Denne efaktura-avtalen vil vere aktiv i nettbanken inntil han blir avslutta.

Aktive efaktura-avtalar må avsluttast i nettbanken til den som har inngått avtalen. Kommunen kan til dømes ikkje avslutte ein efakturaavtale som gjeld kommunale avgifter.

Har du ytterlegare spørsmål, kan du ta kontakt med banken din.