Vi treng ferievikarar!

Vi treng ferievikarar!

Er du på leit etter ein sommarjobb? Vi treng folk både til helse- og omsorgsetaten og til vedlikehaldsarbeid, mellom anna til grøntområda våre. Få oversikt her!

Ein person sit på ein raud plentraktor på ein grøn plen. - Klikk for stort bileteIllustrasjon. pixabay.com
Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Ferievikarar i helse- og omsorgsetaten

Er du i relevant utdanningsløp, har du fagkompetanse og/eller erfaring frå helse og omsorg? Eller kanskje du er nysgjerrig på yrket? Vi treng fleire ferievikarar for sommaren 2023.

Det er behov for sommarvikarar til ulike avdelingar ved Alvehaugen og i heimetenestene.

Vi søker primært etter personar over 18 år og treng søkarar som kan arbeide i perioden frå veke 25-33.

Les meir om stillinga

 

Sommarhjelp, grøntanlegg

Anleggs- og driftsavdelinga i teknisk etat søker etter sommarhjelp til vedlikehald av kommunale grøntanlegg i perioden frå om lag mai til august.

Søkarar mellom 18–24 år frå Ulstein kommune vert prioritert.

Søknadsfrist: 28. februar

Les meir om stillinga

 

Ferievikarar, Ulstein Eigedomsselskap

Også Ulstein Eigedomsselskap KF er på leit etter sommarhjelp til vedlikehald av grøntanlegg, og også til generelt vedlikehald. 

Søkarar mellom 18–24 år frå Ulstein kommune vert prioritert.

Søknadsfrist: 1. mars

Les meir om stillinga

 

For fleire stillingar, sjå her: Ledige stillingar - Ulstein kommune (webcruiter.com)