Verner Larsen ny rådmann etter Einar Vik Arset

Klikk for stort bileteVerner Larsen og Einar Vik Arset Torsdag kveld takka kommunestyret av Einar Vik Arset og tilsette samrøystes Verner Larsen som ny rådmann.

Arset tok til som rådmann i Ulstein i 2010 og sit i stillinga til 1. februar. Han går over i stillinga som direktør i Kystverket. 

Verner Larsen kjem frå stillinga som assisterande rådmann i Ulstein. Han er utdanna siviløkonom frå Noregs handelshøgskule og tilleggsutdanna i coaching, prosessleiing og administrativ kvalitetssikring. Larsen vart tilsett i kommunen som plan- og økonomileiar i 1990 og vart assisterande rådmann i 2006. Larsen var konstituert rådmann frå september 2016 til og med desember 2017.