Ver med på trilletur i Ulstein kommune

Klikk for stort bileteKvar måndag frå klokka 11 vert det felles trilletur for alle som vil vere med.

Turleiar er Kjersti, fysioterapeut ved helsestasjonen. Tilbodet er gratis. 
Du må vere frisk for å delta. Du treng ikkje å vere i god form, det er ein roleg tur.
Oppstart måndag 31. mai: 
Oppmøte ved parkeringsplassen, Ulstein helsestasjon.

Vi går frå helsestasjonen, opp til Bugardsmyrene, ned til Skeide og tilbake til helsestasjonen. Turen tek omlag ein time. 
Turoversikt og oppmøtestad kjem etter kvart, sjå Facebook-sida til helsestasjonen.