Ver med og gled nokon!

Unge MOTivatorar i 10. klasse ved Ulstein ungdomsskule gler seg til å markere MOT til å glede-veka i Ulstein. – Bli med på å spreie glede, oppmodar denne engasjerte gjengen. - Klikk for stort bileteUnge MOTivatorar i 10. klasse ved Ulstein ungdomsskule gler seg til å markere MOT til å glede-veka i Ulstein. – Bli med på å spreie glede, oppmodar denne engasjerte gjengen. Marie Flatin Kvart år blir MOT til å glede-dagen arrangert den 23. november. Denne dagen har vi alle eit felles mål: spreie glede!

Ulstein, som MOT-partnar og eit «Lokalsamfunn med MOT», er sjølvsagt med på feiringa. 

– Vi markerer gjennom heile veka med ulike aktivitetar og konkurransar ved MOT-loungen på Ulstein ungdomsskule. Vi vil gjere litt ekstra ut av det i år for å feire at vi vart kåra til årets MOT-skule under «MOT Ildsjelsamling» for heile landet tidlegare i haust, seier MOT-koordinator og ungdomsarbeidar Marie Flatin i Ulstein.

MOT på ungdomsklubben

Dei «Unge MOTivatorane» i 10. klasse ved ungdomsskulen gler seg til veka som kjem. I tillegg til det som skal skje på skulen, er ungdommane med å arrangere MOT-kveld på Bell Ungdomsklubb både tysdag og fredag. Her blir det også aktivitetar og konkurransar med premiar.

– Tysdag har vi også besøk av ein student i praksis som har laga ein quiz. Denne blir ein del av programmet på Bell, og vinnarlaget får premie. Bli med og lage ekstra kjekke kveldar på ungdomsklubben denne veka, oppmodar ungdomsarbeidaren. 

Ho vil også be om å få besøke alle 7. klassene i kommunen, og reknar med det også vil visast her og der i «bybiletet» at det er MOT til å glede i Ulstein. 

Fotokonkurranse om glede

Måndag 19. november startar fotokonkurransen om glede. Alle som deler sitt foto på Instagram med #mottilågledeiulstein er med i konkurransen. Alternativt kan ein sende bilete til ungdomsarbeidar Marie Flatin på Facebook/Messenger, eller tlf. 913 63 818. 

Konkurransen varer fram til torsdag ettermiddag, 22. november. Bileta som er med blir viste på storskjerm under samlinga elevar og tilsette ved ungdomsskulen skal ha fredag, på sjølve MOT til å glede-dagen, held MOT-inspiratoren fram.

Fredag vil det lokale MOT-laget i Ulstein vere med på å spreie mest muleg glede, og oppmodar alle andre om å gjere det same! 

Vise takksemd

– MOT til å glede-dagen handlar om å ha MOT til å bry seg om andre. I år er det ekstra fokus på å spreie glede gjennom å vise takksemd. Det kan vere alt frå å sende ei hyggeleg melding til foreldra dine, lage vaflar til ein god nabo, gi ei ekstra merksemd til bussjåføren som køyrer deg trygt til skulen kvar dag, eller seie takk til nokon du kjenner er der for deg. 

MOT trur at nøkkelen til eit varmare og tryggare samfunn er robuste ungdommar, som inkluderer alle. MOT oppmodar difor til å ha ekstra fokus på å sørge for at ALLE er inkludert ved å kanskje gå litt utanfor komfortsonen.  

– Det enklaste er kanskje å glede bestevennen eller eit familiemedlem, men vi vil oppmode alle til å tenke litt utanfor boksen under årets MOT til å glede-veke. Kjenner du nokon som sit åleine og som ikkje har eit så stort nettverk rundt seg, så er det akkurat dei du skal hugse på i dag. Ha litt ekstra fokus på å seie hei, gi eit smil, ein tommel opp og kanskje til og med ein klem til nokon som treng det. Det kan kreve litt ekstra MOT, men glede smittar og verdien til saman blir veldig stor. 

Gled nokon du også, så skapar vi årets varmaste veke!

FAKTA

  • MOT til å glede-dagen har blitt arrangert sidan 2004. 
  • MOT styrker ungdoms robustheit og mot gjennom livsmeistringsprogram i skulen. 
  • Det viktigaste innsatsområdet er MOTs program i ungdomsskulen og vidaregåande skule.
  • MOTs dokumenterte resultat er mindre hyppig mobbing, færre ungdom utan ein einaste venn, mindre psykiske vanskar og mindre hyppig rusmisbruk.