– Ver ein god rollemodell

Klikk for stort bileteUlstein er eit «Lokalsamfunn med MOT», og gjennom avtalen «Skulen som samfunnsbyggjar» har rektor Leon Romestrand ved Ulstein ungdomsskule og MOT-leiar Knut Erik Engh gleden av å invitere til ope foredrag torsdag 7. mars. Marie Flatin

Torsdag 7. mars kl. 18–20 inviterer Ulstein ungdomsskule til eit viktig og spanande foredrag med Bjørg-Elin Moen frå MOT. Alle er velkomne! 

Moen vil blande forsking, historier og erfaringar slik at du går derifrå og veit meir om kva du kan gjere for å bidra til eit varmare og tryggare samfunn for ungdommen. 

Foredraget blir i aulaen på ungdomsskulen. Bjørg-Elin Moen har doktorgrad i psykologi frå NTNU. Ho er tilsett i MOT og er kjent som ein inspirerande og modig foredragshaldar. 

Gode eksempel

– Bjørg-Elin er svært inspirerande å høyre på, snakkar eit språk alle forstår og kjem med gode eksempel. Vi anbefalar alle som har mulegheit til å delta, seier rektor Leon Romestrand. 

Rektoren vil saman med sine kollegaer ved Ulstein ungdomsskule ha eit fagleg opplegg retta mot lærarane tidlegare same dag.

Foredrag for alle

– Foredraget på kvelden er ope for alle som vil lære meir om korleis vi kan bidra til eit varmare og tryggare samfunn. Føresette og trenarar og leiarar i lag og organisasjonar som jobbar med barn og ungdom er spesielt inviterte, avsluttar MOT-koordinator Marie Flatin.