Velkomen til psykologtimen 29. januar om søvn

Klikk for stort bileteKorleis du kan bli god til å sove? Det kan du lære om i denne månadens psykologtime på Ulstein bibliotek.

 
Vi søv nesten ein tredjedel av livet. Alle menneske og dyr treng søvn. Søvnen er heilt avgjerande for at vi skal fungere godt både psykisk og fysisk. Onsdag 29. januar kan du få meir kunnskap om søvn.

 

Psykologtimen er for alle

Psykologtimen er ein serie opne arrangement for alle som er interesserte i si eiga og andre si helse. Ein gong i månaden inviterer kommunepsykologen i Ulstein til foredrag og samtaler om psykisk helse og hjernehelse. 

 

Tid og stad

  • Onsdag 29. januar kl. 19
  • Ulstein bibliotek på Ulstein Arena