Monica Cecilie Torp er utdanna sivilingeniør frå NTNU i industriell økonomi og teknologileiing. Ho har meir enn ti års erfaring som leiar, prosjektleiar, rådgjevar og testleiar frå Gjensidige. I tillegg har ho jobba nokre år som IT-konsulent mot offentlege verksemder som Utlendingsdirektoratet og Utdanningsdirektoratet.
Gler seg
Monica er oppteken av korleis teknologi påverkar menneske og samfunn, men også korleis teknologien kan bidra til å forenkle liva våre.
Ho gler seg til å vere med på å gjere Ulstein til ein attraktiv stad å bu og jobbe.
Monica kjem frå Østfold og er gift med ein herøyværing. Etter mange år på Austlandet er dei klare for å gjere draumen om å bli sunnmøringar verkeleg.
Utviklingsarbeid
Som kommunalsjef skal ho blant anna jobbe med dette:
- overordna ansvar for interkommunalt og tverrsektorielt utviklingsarbeid, digitalisering, kvalitetssikring og innkjøp
- personalansvar for leiarane i stabseiningane
- samordning av stab og utvikling av stabseiningane sin støttefunksjon i organisasjonen
- ansvar for koordinering av kommuneplanarbeidet
- stedfortredar for rådmannen