Velkomen til julegrantenning og adventsstund

Klikk for stort bilete Pexels Søndag 1. desember blir det julegrantenning på rådhusplassen og adventsstund i Bugardsmyrane.

   
Graut, kakao og nisse

Søndag 1. desember kl. 14 inviterer Sørøyane Røde Kors Omsorg og Ulstein frivilligsentral til adventsstund ved gapahuken i Bugardsmyrane. Her vert det servert både graut og kakao, og nissen tek turen med ei lita gåve til dei yngste. Ei gruppe frå Ulsteinvik skulekorps vil spele nokre songar, og du har også moglegheit til å helse på besøkshundar frå Røde Kors. 

Arrangementet er vêravhengig. 

 

Fakkeltog til julegrantenninga

Kl. 15.30 går vi i fakkeltog frå gapahuken til rådhusplassen for å vere med på julegrantenninga. Frivilligsentralen har med nokre faklar, men ta gjerne med eigen fakkel om du har. 

 

Julegrantenning 

Kl. 16 blir det julegrantenning på rådhusplassen. Sokneprest Margit Lovise Holte held appell og Arnt Ole Grimstad er programleiar. Det blir også musikk ved musikklaget Ulf og elevar frå Ulstein kulturskule. 

Etter programmet går vi rundt juletreet i lag.