Velkomen til foreldrekurs på helsestasjonen

Klikk for stort bilete Pexels Kurset gir deg verktøy til å forstå barns behov og signala dei gir, slik at du kan møte dei på best mogleg vis. 

  
På kurset blir du kjent med tryggleikssirkelen. Det er ein modell som viser korleis foreldra er den trygge hamna for barna når dei utforskar verda.

 

Frå 0 til 12 år

Kurset er for foreldre med barn frå 0 til 12 år. Det kostar ikkje noko å delta. Her får du ein smakebit på kva kurset går ut på

 

Tid og stad

Kurset startar onsdag 15. januar 2020 kl. 17.30. Det går over åtte kveldar og varer to timar kvar gong. Kurset går føre seg på Ulstein helsestasjon (sjå kartet nedanfor). 

 

Påmelding

Meld deg på ved å ringe sentralbordet på helsestasjonen (tlf. 70 01 78 80) eller kontakt Gry Jonberg (kontaktinformasjon nedanfor). Sentralbordet er ope måndag, tysdag og torsdag kl. 08.30–15.30. 

 

Velkomen! 

 

Kontakt

Gry Grønmyr Jonberg
barnevernspedagog/interkommunal PMTO-terapeut
E-post
Mobil 481 68 230