Velkomen til besøk på Alvehaugen og i Holsekerdalen

Velkomen til besøk på Alvehaugen og i Holsekerdalen

Sjukeheimen og omsorgsbustadane på Alvehaugen. - Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Det er no mogleg å besøke dei som bur i omsorgsbustadene og på sjukeheimen. Dørene er framleis låste og du må avtale besøket på førehand. 

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

    
Merk: Du kan ikkje kome på besøk viss du er sjuk eller har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane. 

Det gjeld ikkje lenger nokon regel for kor lenge du kan vere på besøk, men vi ber om at besøka er korte. Råda om smittevern gjeld framleis. Takk for at du gjer ditt for å hindre koronaviruset i å spreie seg.

 

Besøk til omsorgsbustadene og sjukeheimen på Alvehaugen 

Besøket skal skje ute eller på rommet til bebuaren (via altandøra). De kan gå tur i lag ute på Alvehaugen eller ta ein biltur, men ikkje vere i fellesareala på sjukeheimen. 

Ytterdørene er stengde. Ring avdelinga til den du skal besøke: 

  • avdeling E: 90 70 22 60 

  • avdeling F: 9062 03 67 / 90 63 54 38 

  • avdeling G: 90 57 97 32 / 90 56 91 83 

  • avdeling H: 90 66 82 48 

  • avdeling I: 90 67 46 72 

 

Besøk til omsorgsbustadane i Holsekerdalen

Besøket skal skje i leilegheita til bebuaren. Ytterdørene er stengde. Ring 48 95 95 98 eller 48 95 95 77, så slepper vi deg inn. 

Bruk handsprit rett innanfor ytterdøra. Bruk handsprit før du går ut av leilegheita. 

Gå rett til leilegheita og ha følge ut igjen. Ikkje opphald deg i fellesareala. Prøv også å unngå å ta på kontaktflater i fellesareala. 

 

Dette må du hugse uansett kvar du skal på besøk

  • Avtal besøket på førehand. 

  • Ver frisk når du kjem. 

  • Du kan ikkje kome på besøk viss har vore i utlandet i løpet av dei siste ti dagane. 

  • Ha god handhygiene. 

  • Unngå å klemme. 

  • Hald ein meters avstand. 

  • Bebuaren bør ha få på besøk om gongen. 

  • Besøk skal helst vere korte.