Vel møtt til budsjettpresentasjon for kommunen

Pengar - Klikk for stort bileteKorleis meiner rådmannen at kommunen skal bruke pengane neste år? Det får du vite på Ulstein bibliotek tysdag 5. november.

Tysdag 5. november presenterer rådmann Verner Larsen sitt forslag til budsjett for 2020 og økonomiplan for 2020–2023. Presentasjonen skjer kl. 19 og er open for alle interesserte.

Det vert høve til å gi kommentarar og stille spørsmål. Presentasjonen markerer starten på den politiske budsjettbehandlinga. Kommunestyret vedtek budsjettet og økonomiplanen 19. desember. Velkomen på Ulstein bibliotek tysdag 5. november!