Varsel om svært høg vasstand

Klikk for stort bileteHamn i Ulsteinvik Per Eide Onsdag ettermiddag 15. januar er det meldt svært høg vasstand i området vårt. Måndag 13. januar og tysdag 14. januar er det meldt høg vasstand. 

Onsdag ettermiddag er det venta at vatnet vil stå 65–75 cm over det som står i tidevasstabellane. Måndag og tysdag vil vatnet venteleg stå 45–55 cm over høgda i tidevasstabellane.

Har du båt? Sjekk fortøyingane. Elles er det viktig å sikre lause gjenstandar i naust og i strandsona. 

Få med deg oppdaterte varsel om vasstanden frå Kartverket