Vaksinering i aldersgruppa 12-15 år

Vaksinering i aldersgruppa 12-15 år

Vaksinering. Illustrasjon 22. september tilbyr kommunen koronavaksinering av alle mellom 12-15 år i Ulstein.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Vaksinene frå Pfizer og Moderna er godkjende til bruk frå 12 år. For ungdom i aldersgruppa 12-15 år (årskulla 2006-2009) er rådet å ta éin dose. Eldre ungdom er rådd til å ta to dosar med 8-12 vekers intervall. Det er også rådd til at barn med alvorleg grunnsjukdom/anna tilleggsrisiko skal ta to dosar etter vurdering av lege. Les meir på FHI sine sider.

Dei mellom 12-15 år som har hatt korona, treng ikkje ta vaksine, medan ungdom i alderen 16-17 som har hatt korona, er rådd til å ta éin dose.

For dei som opplever biverknader etter vaksinene, oppstår det gjerne 1-2 dagar etter vaksinasjon, og er oftast milde/moderate og går over etter nokre dagar. Les meir om vaksinane her: Moderna og Pfizer.


Før vaksinasjon

Om barnet eller ungdomen ikkje har fylt 16 år, må føresette samtykke til vaksinering. Ved felles foreldreansvar må begge samtykke. Også barn under 16 år har rett til å få informasjon og skal høyrast ut frå kor gamalt og modent det er. Forenkla informasjon med teikningar finn du i brosjyren Koronavaksine for ungdom.

Gje beskjed dersom barnet tidlegare har hatt alvorleg reaksjon, eller har fått anna vaksine for mindre enn ei veke sidan. Kva for helseforhold som gjer at ein ikkje bør ta vaksine eller at det trengs ekstra vurderingar, står oppnemnt i eigenerklæringsskjemaet. 


Vaksinering vil finne stad på helsestasjonen på Reiten, i Reitensalen. Alle må vente 20 minutt etter vaksinering.

Timebestilling

Bestilling av time må gjerast av foreldre/føresette, på følgande måte:
1. Gå inn på www.c19.no
2. Vel «bestill koronavaksinasjon»
3. Vel «bestill time til koronavaksinasjon» eller «takk nei til koronavaksinasjon»
4. Følg innlogging med bank ID
5. Vel alternativet for å bestille time til andre enn deg sjølv
6. Legg inn barnet sitt personnummer
7. Registrer mobilnummer som skal ta imot timebestilling/stadfesting


Spesielt om samtykke

Alle under 16 år må ha signert samtykke frå føresette for å takke ja til vaksine eller takke nei til vaksine. Dette kan gjerast digitalt her.

  

   

Begge foreldre/føresette må signere samtykke. I dei tilfella der det er éin forelder/føresett som har aleineansvar, så kan de kontakte oss for å få lagt inn dette manuelt. Dersom det ikkje er mogleg å få signert samtykket digitalt, så kan det også leverast skriftleg ved oppmøte til vaksinering.
Skjema for samtykke finn de her. Om lenka ikkje fungerer, prøv her:  www.c19.no

Tidspunkt for vaksinering

Ungdomskuleelevar vert sett opp mellom kl 11.00-14.00. Det er klarert med skulen at dei kan kome i dette tidsromet.
Barneskuleelevar vert sett opp frå kl 14.10-15.30.
MERK: Vårt system fungerer slik at når nokon bestiller ein time så får dei den første ledige. Vi kjem difor til å flytte barneskuleelevar til seinare på dag dersom dei vert automatisk tildelt time i skuletida.


Ved spørsmål, hjelp til bestilling eller behov for tilrettelegging, så ber vi om at de tek kontakt med helsestasjonen på 477 54 774.