- Ulsteinbadet har vorte alt vi håpte på og litt til

Klikk for stort bileteAriel Kobbenes Siglevik gir godkjent og tommel opp for ny vass-silebane på Ulsteinbadet. Janne-Marit Myklebust Det er no søkt om ferdigattest for Ulsteinbadet. Siste nyvinning og siste finish er på plass i form av ny innandørs silebane og to utestampar.

Koronapandemien har ikkje vore vennleg med opningstidene til Ulsteinbadet, men stengetida er nytta godt. No er det søkt om ferdigattest for Ulsteinbadet, og siste investering er testa og godkjent. To utandørs jacuzziar og ei ny silebane inne, og i tillegg motstraumsanlegg i terapibassenget er det siste som har kome på plass. 

Og det beste av alt: Ulsteinbadet er no opna att etter å ha vore koronastengt i nokre veker.Klikk for stort bileteDriftsleiar for Ulstein Arena, Hans Kristian Velsvik, kultursjef Leif Ringstad og prosjektleiar Rune Urke frå UEKF sjekkar tempen på eine utejacuzzien. Janne-Marit Myklebust

- Ulsteinbadet har vorte alt vi håpte på og litt til, seier prosjektleiar Rune Urke frå Ulstein eigedomsselskap KF.

 Han er glad for å endeleg kunne seie at prosjektet no er ferdig, til glede for alle badeglade. Klikk for stort bileteRune Urke er nøgd med korleis Ulsteinbadet har vorte. - Det er akkurat som vi håpte på, og litt meir! Janne-Marit Myklebust

Og når dei først heldt på, investerte dei like godt i eit gjenvinningsanlegg for vatn også.

- Med så mykje besøk og folk rann det mykje varmt vatn rett i kloakken. No gjenvinner vi 80-90 prosent av vatnet. Det sparer både energi og forbruk, fortel driftsleiar for  Ulstein Arena, Hans Kristian Velsvik.

Ariel Kobbenes Siglevik er ivrig brukar av Ulstein Arena, og stiller som velvillig testar av den nye innandørs silebana. Ho stadfestar at sjølv om bana er rask og kort, gir ho stor glede - og også stor trang til å ta fleire turar.

 

- Ulsteinbadet er kanskje ikkje det største badelandet, men det er fantastisk fint. Vi er heldige som har det i sentrum. Det er berre veldig bra!


Klikk for stort bileteTo utandørs jacuzziar klare til bruk, og best av alt: Du kan leige dei og få dei heilt for deg sjølv om du vil. Aage Christensen, UEKF