Ulstein treng tre nye veterinærar

Illustrasjon.Er du veterinær? Bur du i området, eller kunne du tenke deg å flytte til ein stad der du både finn bratte fjellsider, ope hav og eit urbant byliv? Vi søkjer etter heile tre nye veterinærar!

Ulstein kommune og Veterinærkontoret AS i Ulsteinvik søkjer i lag etter nye veterinærar. Du vil jobbe i kombinert praksis med mykje smådyr. Etter nyttår er det ein veterinær på Veterinærkontoret og i Ulstein kommune, men det er nok arbeid til i alle fall fire veterinærar i vårt distrikt. Du er sjølvstendig næringsdrivande og vil inngå separate avtaler med Veterinærkontoret og Ulstein kommune.

Som kommune har vi ansvar for at det er tilfredsstillande veterinærdekning i kommunen vår, men som veterinær jobbar du som sjølvstendig næringsdrivande. Ulstein har også ansvar for veterinærvaktordninga i Sande, Hareid og Herøy.

Lenke til anbodskonkurransen finn du her.

Stillingsannonsen finn du her.