Ulstein nominert til Årets ungdomskommune i Noreg

Klikk for stort bileteRebecca Hareide Vartdal (barne- og ungdomslærling), Henrikke Antonsen (medlem i ungdomsrådet), Annika Brandal (kulturkonsulent) og Marie Flatin (ungdomsarbeidar) er glade for at ungdomsarbeidet i Ulstein blir verdsett. Svein Arne Orvik Fire kommunar i landet kjempar om prisen, som blir delt ut 28. oktober. 

Ulstein vart i fjor kåra til Årets ungdomskommune i Møre og Romsdal

No er vi med i finalen i kåringa av Årets ungdomskommune i Noreg. 

Ulstein er ein av fire kommunar i finalen til Årets ungdomskommune.

Juryen som har nominert finalistane skriv mellom anna dette om Ulstein: "Kommunen har eit variert fritidstilbod for ungdom og jobbar mykje med å sørge for at alle kan delta. I tillegg har dei fokus på at fritid også kan vere eigenorganisert og legg til rette for det." 

Det er Barne- og familiedepartementet som deler ut prisen, som er på 250 000 kroner.