Ulstein kommune nominert til nasjonal innovasjonspris

Klikk for stort bileteTeknologiskulen er trekt spesielt fram i søknaden frå Ulstein til Innovasjonsprisen.Ulstein, Trondheim og Fjell er nominerte til Kommunal- og moderniseringsdepartementets innovasjonspris for 2019.

Juryen har vurdert 20 kommunar. Dei tre nominerte «har vist heilskapleg innovasjonsarbeid som er framtidsretta, systematisk og treffer ulike behov», skriv Direktoratet for forvaltning og IKT

– Dette er ei fjør i hatten. Nominasjonen anerkjenner at vi tek behovet for kontinuerleg innovasjon på alvor. Eg er stolt av å leie ein kommune med så mange dyktige folk i alle ledd av organisasjonen som let seg inspirere av nye moglegheiter, seier ordførar Knut Erik Engh. 

– Vi er sjølvsagt stolte over å bli nominerte som ein av tre kommunar. Vi har dokumentert at vi kan omsette idear til resultat, seier rådmann Verner Larsen.

Nyskaping på brei front

– Det skjer mykje viktig nyskapingsarbeid i kommunen vår. Vi går nye vegar i både helse- og omsorgsetaten, i oppvekst- og kulturetaten, i teknisk etat og i sentraladministrasjonen. Samskaping og dialog med innbyggarane, frivillige, næringslivet og offentlege aktørar er ein føresetnad for å lukkast, seier Verner Larsen.

– Sterk politisk forankring har vore avgjerande for framdrifta i nyskapingsarbeidet vårt. Dei politiske utvala og råda har behandla nyskapingsstrategien vår grundig. Formannskapet har ei nøkkelrolle som fast innovasjonsutval, og løyvde så seint som i mars pengar til eit forprosjekt om sjølvkøyrande bussar i Ulsteinvik, seier rådmannen.

I nyskapingsstrategien til kommunen er velferdsteknologi, digitalt livsløp, teknologiskulen, samferdsel og teknisk/drift satsingsområde.

Teknologi i skulen

I søknaden om å bli nominert, la kommunen vekt på teknologisatsinga i skulen.

– Det er svært positivt at satsinga vår blir lagt merke til. Vi har arbeidd systematisk med innovasjon og nytenking i lang tid, med spesiell vekt på digitalisering for framtida, seier Gry Nordal, kommunalsjef for oppvekst og kultur.

Ulstein er den første kommunen i landet der alle elevane lærer å programmere. Kommunen og Høgskulen i Volda har saman skapt Ulsteinmodellen, der alle lærarane i kommunen får vidareutdanning i bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga. Møre og Romsdal fylkeskommune har gitt viktig støtte til teknologisatsinga. Organisasjonen Lær Kidsa Koding har elles vore ein viktig medspelar.

Ein halv million kroner

Innovasjonsprisen er på 500 000 kroner. Kommunal- og moderniseringsdepartementet gir prisen til ein kommune som kan vise til godt innovasjonsarbeid med konkrete resultat. Prisen skal inspirere til auka innovasjonskraft i heile kommunesektoren, skriv Direktoratet for forvaltning og IKT. Prisen vert delt ut i Arendal 6./7. juni.  

Kontakt

Knut Erik Engh
ordførar
E-post
Mobil 957 66 692
Verner Larsen
kommunedirektør
E-post
Telefon 70 01 75 13
Mobil 982 30 601
Gry Nordal
kommunalsjef
E-post
Mobil 906 40 134