Ulstein i landstoppen i ny evaluering

Klikk for stort bileteUlstein kjem ut som den tredje beste av 58 norske kommunar i evalueringa Kommunekompasset. 

Med 534 av 800 mogleg poeng ligg Ulstein berre 1 poeng bak Bærum og 16 poeng bak Lom, som skårar aller høgast. Ulstein kjem klart best ut blant kommunane med mellom 5 000 og 10 000 innbyggarar.

Det er fjerde gongen Ulstein kommune er evaluert i Kommunekompasset. Evalueringa er gjort av selskapet KS Konsulent.

– Særs godt driven

Ulstein kommune har skåra stadig betre frå den første evalueringa i 2013.

«Auken frå 361 poeng i 2013, 433 poeng i 2015, 467 poeng i 2017 og no til 534 i 2019 er betydeleg og vitnar om ein kommune som har jobba veldig målretta med utvikling av den kommunale forvaltningspraksisen. Ulstein kommune framstår no som en særs godt driven kommune med imponerande god forvaltningspraksis på dei aller fleste område», heiter det i rapporten frå KS Konsulent.

Kommunekompasset er eit verktøy for å utvikle den kommunale organisasjonen strategisk og for å vurdere forvaltningspraksisen i kommunen. Kommunane som er med vert samanlikna med ein tenkt idealkommune som er effektiv, utviklingsorientert, lærande og politisk målstyrt.

Gullstjerne

På området «offentlegheit og demokrati» får Ulstein no 72 poeng, det høgste nokon kommune har fått. «Heile det arbeidet Ulstein gjer med å fremje og utvikle innbyggardialogen og lokaldemokratiet er særs bra», heiter det i evalueringa. KS Konsulent gir ei «gullstjerne» og meiner arbeidet er «absolutt beste praksis som dei aller fleste andre kommunar kan lære av». 

 

Brei evaluering

I Kommunekompasset er kommunen evaluert på åtte område:

1. Offentlegheit og demokrati

2. Tilgjengelegheit, innbyggar- og brukarorientering

3. Politisk styring og kontroll

4. Leiarskap, ansvar og delegering 

5. Resultatfokus og effektivitet

6. Kommunen som arbeidsgivar

7. Utviklingsstrategi og lærande organisasjon

8. Kommunen som samfunnsutviklar