Ulstein friskus!

Illustrasjon. Madeleine Pettersen Ver med på workashop! Det må vere enkelt å delta på fritidsaktivitetar. Difor samlar vi alle aktivitetar, frivillige oppdrag og lag/organisasjonar på Ulstein.friskus.com.

Ver med og synleggjer kva lag og organisasjonar vi har i Ulstein, og kva aktivitetstilbod kommunen har å by på!

Det må vere enkelt å delta på fritidsaktivitetar. Difor samlar vi alle aktivitetar, frivillige oppdrag og lag/organisasjonar på Ulstein.friskus.com.

Ulstein.friskus.com  er ei felles reklamefri plattform for aktivitet og frivilligheit, der alle fritidsaktivitetar, frivillige oppdrag og lag/organisasjonar vert synleggjort. Det er ingen kostnader for lag og organisasjonar.

26. august er det Teams-møte med workshop. Ver med! Møtet varer frå 17:30-19:00.

Vi går gjennom:

•             Korleis synleggjere aktivitetar i organisasjonen
•             Korleis registrere seg som arrangør og opprette aktivitetar
•             Korleis rekruttere frivillige

Vi vil bruke Ulstein.friskus.com til å rekruttere til både deltaking og frivillig engasjement, og dessutan koordinere og planlegge aktivitetstilbod . Idrettslag kan òg samarbeide med andre organisasjonar og arrangere felles aktivitetar, og sørge for at dei vert synlege for ein større del av innbyggjarane i kommunen.

Tenk så kjekt, når det vert enkelt å finne alt det flotte som skjer i kommunen vår - på éin stad! Lag deg ein gratis, personleg brukarkonto i dag på Ulstein.friskus.com .

Kontakt

Vedrana Terzic
prosjektmedarbeidar Ung Arena
E-post
Telefon 936 90 488