Ulstein er årets ungdomskommune

Ungdomsrådet i Ulstein 2018-2019 - Klikk for stort bileteUngdomsrådet i Ulstein 2018-2019 Annika Brandal Om lag 80 ungdommar frå heile fylket har kåra Ulstein til årets ungdomskommune i 2018 i Møre og Romsdal! 

Ungdomsrådet og ordføraren nominerte

Det var ungdomsrådet i Ulstein og ordførar Knut Erik Engh som nominerte Ulstein til prisen. I nominasjonsteksten skreiv dei m.a. dette:

«I Ulstein får ungdom påverke og utfalde seg – både i politikken, i skulekvardagen og på fritida. Ungdom flest seier dei trivst her. Slik vil vi ha det i framtida òg!» 

Les heile nominasjonsteksten som ungdomsrådet og ordføraren sende inn (PDF, 2 MB)

Sjå filmen som følgde med nominasjonen (YouTube)

Ulstein utmerka seg

Kåringa skjedde under Ungdommens fylkesting i Molde. Prisen vert delt ut ein gong i året til ein kommune som har utmerka seg ved å

  • legge til rette for medverknad for ungdom
  • skape gode møtestader for ungdom
  • bidra til eit allsidig fritidstilbod for ungdom eller
  • på anna vis har gjort ein særskilt innsats for ungdom i kommunen

10 000 kroner

Prisen består av eit diplom og 10 000 kroner, som ungdomsrådet skal nytte til tiltak for ungdom i kommunen. 

Les meir om prisen på nettstaden til fylkeskommunen.

Kontakt

Annika Brandal
Kulturkonsulent/driftsleiar anlegg
E-post
Mobil 408 40 900