Ulstein-elevar demonstrerte for klimaet

Klikk for stort bilete Svein Arne Orvik Elevar frå Ulstein barneskule og Ulstein ungdomsskule demonstrerte fredag med krav om kamp mot klimagassutslepp. 

Fleire grupper med elevar stilte i løpet av dagen opp med plakatar ved Ulstein rådhus. 

Bodskapen var klar: 

Skulestreik for klimaet. Ikkje lat jorda smelte! 

Gjer noko med klimaet no, elles vil det ikkje gå! 

Ikkje køyr, gå!

Kvifor skal vi lære når vi ikkje har ein plass å vere?

Vi streikar for miljøet. Stopp oljeboring. 

Ingen plast i havet! 

Dei vaksne sin feil, vårt ansvar. Ta ansvar for klimaet!

Ordførar Knut Erik Engh takka elevane for engasjementet og tok imot bodskapen på vegner av kommunen.