Tvist om Ulstein Arena er løyst

Ulstein Arena i Ulsteinvik - Klikk for stort bilete Per Eide Ulstein kommune og prosjekteringsgruppa for Ulstein Arena har blitt samde i tvistesaka om honorarkrav og rådgjevarfeil. 

I februar i år vart kommunen stemna av gruppa som hadde ansvaret for detaljprosjekteringa og prosjektoppfølginga då Ulstein Arena vart bygd. Saka har no vore til mekling ved Sunnmøre Tingrett og partane har kome fram til eit forlik (PDF, 217 kB)

Vekker tillit

– Ulstein kommune er med dette forlikt med prosjekteringsgruppa. Vi er takksame for det gode samarbeidet med gruppa som vi har hatt med gjennom heile byggeprosjektet. Vi meiner det er tillitvekkande at prosjekteringsgruppa har vist god vilje til å finne løysingar i ein konfliktsituasjon, seier ordførar Knut Erik Engh. 

Han viser til at Ulstein Arena har blitt eit særs vellukka tiltak for barn og unges livskvalitet, bulyst og tettstadutvikling i Ulstein.

– Dette vert understreka ved at bygget no har fått Statens pris for byggkvalitet, seier Engh.

Glad for at saka er løyst

– Ulstein Arena er eit prosjekt som har fått mykje positiv merksemd og omtale i media. Det har mellom anna ført til at den nasjonale Bylivkonferansen vart lagt til Ulsteinvik tidlegare i år, seier arkitekt Espen Pedersen, partnar og fagleg leiar i Lund+Slaatto Arkitekter og styreleiar i prosjekteringsgruppa Next Level. 

Prosjektet var eit av hovudinnslaga under Arkitektdagen i Stavanger tidlegare i år, og vart altså på toppen av det heile tildelt Statens pris for byggkvalitet for 2018. Interessa rundt prosjektet har vore særs stor. 

– Den pågåande tvisten med Ulstein kommune har likevel lagt ein dempar på gleda over suksessen med prosjektet. Vi er difor glade for at saka no er løyst, og at vi har oppnådd eit resultat som begge partar kan leve med, avsluttar Pedersen. 

Pressekontakt:

ordførar Knut Erik Engh, tlf. 957 66 692

arkitekt Espen Pedersen, tlf. 907 22 425