TV-aksjonsrekord i Ulstein!

TV-aksjonsrekord i Ulstein!

Ulstein kommune vart best i fylket med 82,84 kroner i bidrag per innbyggjar, og barneskuleelevane har sprunge inn totalt 285 984 kroner til TV-aksjonen "Barn, ikkje brud".

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

 

Toppscoring, igjen

I Ulstein vart det totalt innsamla 710 343 kroner til TV-aksjonen 2021. Av 26 kommuner vart Ulstein best i fylket med 82,84 kroner per innbyggjar. Dette er kr 37,73 over landsgjennomsnittet på kr 45,11. Nasjonalt er Ulstein rangert på 33. plass av totalt 357 kommunar i landet, fordelt på innbyggjarar. 

I fjor kom Ulstein på 2. plass i fylket med 67,84 kroner per innbyggjar. Vi har altså auka med 15 kroner per innbyggjar samanlikna med i fjor, og kravla oss frå 2. til 1. plass på pallen i fylket! 

Her kan du lese meir om resultata i Ulstein.

 

Bøsseaksjonen

Johnny Syversen/TV-aksjonen Frivillige bøsseberarar i Ulstein dekte totalt 77 roder og gjekk årets viktigaste søndagstur med dør-til-dør bøsseaksjon.

Alle husstandar skal ha fått besøk av små og store bøsseberarar som gjekk i regn og blest!

- Vi er rett og slett imponert over den frivillige dugnadinnsatsen og over givargleda til innbyggjarane våre, for i bøssene kom det inn 205 677 kroner mot 186 983 kroner i 2019 (i 2020 var det ikkje fysisk bøsseaksjon pga koronarestriksjonar).

 

Skuleløp ved barneskulane

Alle barneskulane i kommunen vår deltok i år på skuleløp og skuleelevane har samla sprunge inn 285 984 kroner, mot 233 966 kroner i 2020! Det er ein auke på 52 018 kroner! Sentrumskulen har også skaffa det største skulebidraget til aksjonen i fylket og ligg på topplista nasjonalt!

Skuleelevane har i forkant av løpet henta inn sponsorar til støtte for eigen innsats. Foreldre, besteforeldre, tanter, onklar eller naboar har forplikta seg til å betale ein sjølvvald sum, per runde som elevane har sprunge.
- Altså, det er veldig mange runder barna våre har sprunge, og det er ein fantastisk innsats dokker alle har lagt ned! All innsats og ved hjelp av alle bidrag, kan vi utgjere ein stor forskjell til dei som treng det mest, og Plan International har no eit betre utgangspunkt i kampen mot barneekteskap.

 

Ulsteinvik sanitetsforening

Stian og Knut Erik stilte opp med yoga for ei god sak Kari Marie Øvrebøe Vi ønskjer også å rette ein takk til Ulsteinvik sanitetsforening som i år var med i Ulstein sin lokale TV-aksjonskomite. Sanitetsforeninga arrangerte blant anna gratis yogatime i Ulstein Arena, og sponsa oppmøtet med 12 000 kroner.

Yogatimen var både eit ledd i innsamlinga til årets TV-aksjon og ei markering av at sanitetskvinnene feirar 125 år i 2021. Saniteten er landets største kvinneorganisasjon og det var ein sjølvfølge for dei å bli med å støtte årets TV-aksjon for Plan International. Fokuset var at det fins millionar av jentebarn som blir gifta bort og mister retten til å gå på skule, til å leike og til å vere barn. Ulsteinvik sanitetsforening inviterte difor innbyggjarane til ein fest og ein fellesdugnad mot barneekteskap. Yogatimen vart leia av Inger Kristine Havåg frå Yogano.


Tusen takk

Givargleda i Ulstein er suveren - det same er den frivillige innsatsen frå store og små, unge og gamle! Vi tar av oss hatten for dokker alle saman. Vi i TV-aksjonskomiteen lokalt, sette oss nokre "hårete" mål, og vi lar oss imponere av resultatet som vart langt over målet vi hadde sett oss! Det gir oss motivasjon til neste års TV-aksjon som går til Leger Uten Grenser.