Tid for påmelding til kulturskulen

Tid for påmelding til kulturskulen

Skjermdump frå filmen "Velkomen til oss" Søknadsfristen for plass i kulturskulen er 30. april.

Vil du lære å spele eit instrument?
Vil du lære å teikne og måle?
Vil du lære å danse, eller synge?
Vil du friske opp gamle kunstar?

Bli elev hos oss! Søk på faget du har lyst til å kome til undervisning på!


Ulstein kulturskule

Ulstein kulturskule held til på Reiten og mesteparten av undervisninga er lagt hit. Vi har undervisning både individuelt og i grupper.


Våre tilbod

Elevane i kulturskulen kan velje mellom opplæring i:

  • musikk
    - blåseinstrument
    - musikkteori
    - slagverk
    - strengeinstrument
    - strykeinstrument
    - tangent
    - tilrettelagt undervisning
    - vokal/song
  • dans
    - jazzballett
    - klassisk ballett
  • kunstfag
    - visuelle kunstfag
    - visuelle kunstfag - leire, ungdom
    - alternativ kunstundervisning
    - målarkurs for vaksne


Kva kostar ein elevplass?

Her finn du prisar og vedtekter.


Korleis søke?

Det er berre nye elevar som skal sende inn søknad. Her finn du søknadsskjema.

Elevar som er registrerte frå før skal logge på via ID-porten, eller med tilsendt brukarnamn og passord, for å legge til ny søknad.

Søknadsfristen er torsdag 30. april 2020.


Film frå Ulstein kulturskule

 

 

Kontakt

Julianne Auberg Hauge
kulturleiar
E-post
Mobil 41 65 12 07
Turid Mette Dimmen
Sekretær
E-post
Telefon 70 01 77 73
Mobil 94 17 11 16