Tid for influensavaksine

Ein sjuk person med skjerf - Klikk for stort bilete Pexels Vaksinen er spesielt viktig for menneske som har auka risiko for alvorleg influensasjukdom. Kontakt legesenteret for å bestille time. 

Les om kven som er i risikogruppene (følg lenka og gå til slutten av artikkelen). 

Er du i ei risikogruppe? Kontakt Ulstein legesenter for å avtale å ta vaksinen. Ring tlf. 70 01 89 89 kl. 8–14 på kvardagar eller send sms (følg lenka for å sjå korleis du gjer det)

Det kostar 50 kroner å vaksinere seg hos fastlegen viss du er i ei risikogruppe. 

Fram til 1. desember er det berre risikogruppene og helsepersonell som skal ha vaksinen.