Tid for å søke om SFO-plass

Klikk for stort bileteDet er no opna for påmelding til skulefritidsordninga for neste år. Frist for å søke er 15. april.

Treng barnet ditt plass i skulefritidsordninga? Fristen for å søke plass til neste skuleår er 15. april. 

Bruk elektronisk påmeldingsskjema når du søker.

Meir informasjon om SFO og søknadsskjema finn du her.

SFO følgjer skuleåret, og påmelding skjer for eitt år om gongen. Ferietilbodet er inkludert i det ordinære SFO-tilbodet. Det er ferietilbod i sommar-, haust- og vinterferie.

Elevar som startar i 1. klasse til hausten kan melde seg på ferietilbodet frå 2. august 2021.

Ferietilboda har eige påmeldingsskjema.

Kontakt

Nils Ertesvåg
pedagogisk konsulent
E-post
Telefon 70 01 77 10
Mobil 906 79 511