Teknologiskulen i Ulstein på skandinavisk messe

Klikk for stort bilete

27.–28. november deltok Ulstein kommune saman med Høgskulen i Volda på den største messa for moderne og innovativ læring i Noreg.

  

SETT-konferansen

SETT er ein fagkonferanse for inspirasjon og praksisrelatert kunnskap. SETT står for «Scandinavian Educational Technology Transformation» og er den største messa for moderne og innovativ læring i Noreg.

 

Vellykka samarbeid med Høgskulen i Volda

På SETT-konferansen i år hadde Ulstein kommune stand saman med Høgskulen i Volda. Vi ville vise fram det vellykka samarbeidet om etterutdanning av lærarar og kva resultat det har gitt. Det var fleire som var innom standen for å høyre om korleis vi har arbeidd med prosjektet Teknologiskulen Ulstein og kva som er resultata av dette i klasseromma.

 

Lærerikt

Inntrykket vi sit att med er at det var lærerikt å vere saman med Høgskulen i Volda på messe. Vi fekk også mange gode innspel, og vi vart inspirerte av andre messedeltakarar og forelesarar. Dette vil vi ta med oss vidare i arbeidet med Teknologiskulen.