Strengare nasjonale tiltak

Strengare nasjonale tiltak

FHI For å hindre at koronasmitten skal spreie seg til område i landet med lite smitte, innfører regjeringa etter råd frå Helsedirektoratet og FHI strengare nasjonale tiltak.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Dei nye nasjonale tiltaka gjeld i perioden 25. mars - 12. april.

Blant dei nye nasjonale tiltaka er:

  • ein-meteren har vorte til to-meteren, og det er rådd til at du brukar munnbind der det ikkje er mogleg å halde to meters avstand til andre
  • råd om maks to gjester på besøk
  • oppmoding om å nytte seg av butikkar/kjøpesenter i eigen heimkommune
  • nasjonal skjenkestopp 
  • forbod mot å trene på treningssenter i andre kommunar enn din eigen heimkommune, så lenge det ikkje er snakk om rehabilitering 
  • symjebasseng må halde stengt så lenge det ikkje er snakk om skulesymjing, organiserte symjekurs og organisert symjetrening for personar under 20 år (også profesjonelle kan trene)
  • Arbeidsgivar skal sørge for at tilsette jobbar heimanfrå på alle arbeidsplassar det er praktisk mogleg

Fullstendig oversikt og oppdaterte råd finn du her.

Stricter national measures - information in different languages.

NB! Har du tenkt deg heim til Ulstein i påska? Vi rår alle som kjem heim til påske, frå område med høgt smittepress, om å teste seg. Dette kan dei gjere der dei er før heimreise, eller når dei har kome hit, ved Ulstein legesenter. Dei bør halde seg heime og unngå nærkontaktar fram til testsvar har kome. 

Ulstein Arena

Med bakgrunn i dei nye nasjonale tiltaka, vert det redusert tilbod ved Ulstein Arena i perioden torsdag 25.03-måndag 12.04. Ulsteinbadet held stengt heile perioden. For resten av bygget vert det påskestengt frå laurdag 27.03 til og med måndag 05.04. Har du spørsmål, ta gjerne kontakt på e-post; ulsteinbadet@ulstein.kommune.no.