Strandryddeveka 2021

Strandryddeveka 2021

Har du lyst å gjere ein innsats for å rydde i nærmiljøet?  Her finn du oppskrifta.

Denne artikkelen er over 1 år gamal og kan innehalde utdatert informasjon. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på.

Bli med på ryddedugnad

Strandryddeveka 2021 går føre seg 11.-19. september.

Det skal heldigvis ikkje så mykje til for å gjere planeten vår til ein litt betre stad. Å plukke med seg rusk og rask som ikkje høyrer heime i naturen, er ein slik liten innsats. Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ganske mykje!

Strandryddeveka er ein nasjonal dugnad som får folk frå heile landet til å gjere ein ekstra ryddeinnsats, til glede for nærmiljøet, deg sjølv og ikkje minst naturen. For å verne fuglane i hekketida er veka flytta frå mai til september. 

Denne veka kan du vere med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår. Her er informasjon om korleis du kan bidra:

  1. Hent strandryddesekkar på din nærmaste miljøstasjon. Dei har også ein del hanskar til utdeling. Desse kan brukast fleire gongar og vaskast i vaskemaskin.
     
  2. Plukk! Del dykk opp i mindre grupper dersom de er ein stor gjeng, slik at de ikkje skremmer fuglar og dyr. 
     
  3. Søre Sunnmøre Reinhaldsverk (SSR) har plassert ein SSR-grøn konteinar, merka med eit blått skilt der det står "Strandrydding" på, ved Shell (på parkeringsplassen på nedsida av vegen). Kast avfall frå strandryddeaksjonen der, eller lever strandryddesekkane gratis på nærmaste miljøstasjon.
    Ikkje misbruk konteinaren. Vi ber om at alle respekterer at det berre er avfall frå ryddeaksjonar som skal plasserast i denne. 
     
  4. Samtidig leverer du skjemaet frå Hold Norge Rent. På den måten får vi inn viktig statistikk og dokumentasjon. Er det snakk om ein større aksjon, er det supert om du registrerer den i ryddeportalen til Hold Norge Rent i forkant.
 

 

Takk!

Når du er med på å rydde opp det som ikkje høyrer heime i naturen vår, gjer du ein viktig innsats både for fuglar, fisk og felleskapet.

Marin forsøpling er ei stor utfordring. Vi som lever her ute på øyane, ved og av havet, ser utfordringa med eigne auge kvar dag. Men vi ser også forbetringa. For fem år sidan blei det levert 370 kilo i strandryddesekkane i dei fire kommunane til SSR. I fjor, fem år seinare, kom det inn 40.000 kilo!

Ingen kan gjere alt, men alle kan gjere litt. Til saman blir det ein heil del.

Takk for at akkurat du gjer ein innsats for å ta vare på det vakre området vårt.